Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Leiartale til landsmøtet

 (15.04.2016)

Velkomen til Bergen, vestlandshovudstaden, nynorskhovudstaden, nynorskbyen og diverre; bokmålsbyen. Å samle nesten 200 nynorskfolk her for fyrste gong på 16 år kjennest som ein nynorsk maktdemonstasjon midt i Bergen. 

Omsynet til omlandet og til Vestlandet og kor vidt Bergen er eller vil vera ein hovudstad for Vestlandet, vert ein aldri lei av å snakke om her i byen.

I 2011 skreiv no avdøydde politisk redaktør i BT, Sjur Holsen, at Bergen måtte verte rausare mot omlandet sitt om byen skulle verte ein hovudstad for Vestlandet:

«Hvorfor ikke ta den vestlandske kulturen og den fremste vestlandske identitetsmarkøren på alvor og si at Bergen like godt skal være nynorskens hovedstad? Tenk om noen bergenske institusjoner, som for eksempel det nye Litteraturhuset, og kanskje endog noen bergenske bedrifter, løp linen helt ut og sa at nok er nok, her nyttar me nynorsk, her er me annleis!»

Holsen kallar det eit poengtert opprør mot snik-oslofiseringa og ei sann kjærleiksakt til alt det fantastiske, fargerike, framleis genuine Vestlandet.

I 2014 fillerista Jon Fosse Den Nationale Scene for ikkje å setje opp eit einaste stykke på nynorsk  – og i fjor då Erna Solberg spurde Jon Fosse om han ville dele Nordisk råds litteraturpris med Bergen, var svaret kontant: – Det vil eg ikkje ha noko snakk om.

Bokmålsbyen måtte fint stille seg bakarst i køen.

Etter Jon Fosse sitt oppgjer med Den Nationale Scene skreiv eg i BT at dette ikkje var min hovudstad. Men i dag er eg på glid.

Det er ikkje tilfeldig at me legg landsmøtet vårt til Bergen i år. Det var eit sterkt ynske frå styret å kunne samle organisasjonen i byen der det har skjedd så mykje bra for nynorsken dei siste åra. Det er mange i Bergen som har eit hjarte som bankar for nynorsk, og både i soga og i samtida skil Bergen seg frå andre storbyar i Noreg med sitt tilhøve til nynorsken.

For då bergensarane tok til å røre på seg for nynorsken i 1860- og 70-åra, skilde Bergen seg frå dei andre byane. Her var fleire borgarsøner med i arbeidet for det nye språket og den rørsla som her vart til Vestmannalaget. Vestmannalaget hadde eit omland av sympatiserande byborgarskap som Samlaget i Oslo ikkje hadde. Og det var her me fekk det fyrste nynorske kapitalistmiljøet.

I samtida har UiB og HiB synt veg lenge. Haukeland universitetssjukehus har all skilting på nynorsk. Og i mai 2015 kom nok eit døme på at Bergen ikkje er som andre storbyar. Då Jacob Mæhle frå Høgre føreslo at Bergen skulle søkje om forsøk med valfritt sidemål i vidaregåande, etter mal frå det store sidemålsforsøket i Oslo, vakna det bankande nynorskhjarta. Ein samla opposisjon svara med å innføre tidleg start med sidemål frå 3. klasse.

Og no er det desse som sit med makta i byen. I januar i år kom nynorsk opp på ny i bystyret. No gjennom ein interpellasjon om rettane til nynorskelevar i mindretal i ungdomsskulen. Saka kom opp etter ei stygg sak på Storetveit ungdomskule der ei handfull nynorskelevar vart spreidde på fleire klasser og har måtta kjempe for alle rettane dei har, utan at skulen har løfta ein finger. No har bystyret vedteke retningsliner for korleis skulane skal ta imot desse elevane, og ikkje minst skrive at så langt som råd, bør dei få gå i same klasse. Det vil seie at Odda-modellen på eit vis er innført i bergensskulen.

Når BT etter bystyremøtet i januar på leiarplass skriv at: «Hele byen bør omfamne byrådets arbeid for å styrke nynorsken», så er det eit teikn på at Bergen vil verte ei trygg hamn for nynorsken, og BT ser at språkspørsmålet er ei av konfliktlinene i tilhøvet mellom byen og omlandet. For BT skriv: «Vestlandets største by skal være samlende for hele regionen, og bærer et stort ansvar for å ivareta nynorsken. Det ser byrådet ut til å ta på alvor. Den nye flertallskoalisjonen, bestående av Arbeiderpartiet, KrF og Venstre, har i flere vedtak vist at Bergen kan føre en offensiv språkpolitikk. Det forplikter dem til videre arbeid, men er også et sterkt signal til hele byen. Det krever mer enn politiske vedtak å gjøre Bergen til nynorskhovedstad».

På mange måtar er Bergen og omlandet eit Noreg i miniatyr. Du har reine bokmålsområde, ei randsone med all den randsoneproblematikken me kjenner, og du skal ikkje køyre mange mil ut frå byen før du er djupt inne i eit nynorsk kjerneområde.

Det har vorte hevda i BT denne veka at Bergen aldri kunne bli nokon Barcelona eller Bayern, og at det er for seint. Men soga har synt oss at politiske vedtak og politisk vilje kan vere meir enn nok, eller i alle fall ein god start.

John Kristian Sandaker skildrar i ein artikkel i Språknytt i 1999 ein heilt annan by, som kanskje er ei betre samanlikning. Nemleg Montreal.

Før 1960 var engelsk det dominerande språket i byen, men gjennom systematisk språkpolitikk og strenge lover har ein klart å påverke offentleg språkbruk. Og ein har gjort storbyen til ei «fransk øy med vann fra det angelsaksiske hav skvulpende innover seg», slik Sandaker skildrar det. Det er det Bergen treng òg, god systematisk språkpolitikk som gjer at dei sluttar å skvulpe bokmålet over Arna og omlandet sitt. Heller enn å late seg snik-oslofisere, må dei late seg nynorskifisere, som eit poengtert opprør, slik Holsen føreslo.

 

Dette er det største landsmøtet sidan 100-årsjubileet i 2006, og i salen sit det fleire målfolk enn på lenge, og fleire enn på lenge som har gjort ein uvurderleg jobb for nynorsken. For det har verkeleg blitt jobba rundt om i lokallaga, og mykje hadde sett annleis ut i dag, om det ikkje var for lokallaga sin iherdige innsats for fylkesspråket, kommunespråket, kyrkjespråket, skulemålet, offentleg målbruk, Odda-modellen, nynorsk for vaksne innvandrarar, næringslivsspråket og mykje anna.

I Klassekampen på laurdag kunne me lese at mållaget i 2014 hadde frykta at store bykommunar skulle sluke mindre nynorskkommunar, men at intensjonsavtalen mellom Ålesund og dei kringliggjande kommunane no ser ut til å gå mot at Ålesund, om det skulle verte ein ny storkommune, vil bli ein nynorskkommune.

Dei nesten 50.000 innbyggjarane i Ålesund vil då bu i ein nynorskkommune. Dette er strålande nyhende. Ålesund har vore bokmålsnavet i nynorskland, som har spreidd bokmålet rundt seg. Likevel er det ein lang veg fram til ein eventuell ny Ålesund-kommune.

Like mykje som ein jubel for nynorsken i Ålesund, kan ein lese artikkelen i Klassekampen som ein peikefinger: «sjå no surmulande nynorskingar, sjå det gjekk bra! Slapp av!»

Men grunnen til at det nokre stader har gått betre enn frykta (og her er det viktig å hugse på at ingen veit kor dette endar), er nettopp at så mange mållag ikkje har slappa av.

Mest uroa er eg kanskje for den nye storkommunen på Jæren, samanslåinga mellom nynorskkommunane Klepp og Time og språknøytrale Hå. Hå, Klepp og Time mållag har forfatta brev og hatt møte, møtt ordførarar og lokalpolitikarar. Dei har verkeleg gjort ein kjempejobb, og framleis er det uavklart kva språkvedtak den nye kommunen skal ha. 18.572 innbyggjarar i Time og 18.970 innbyggjarar i Klepp, altså til saman nesten 40.000 innbyggjarar kan ende opp med ikkje lenger å bu i ein nynorskkommune. Og berre for å syne proporsjonane av dette, kan eg nemne at berre i språknøytrale Hå er det fleire nynorskelevar enn i heile Telemark fylke til saman.

Ål og Hol har hatt nabosamtalar, men klarte ikkje å verte samde om målform. For språknøytrale Hol var det heilt uaktuelt å ta på seg noko ansvar for nynorsken, trass i lange nynorsktradisjonar i skulen i Hol. Då eg var over på folkemøte i Ål i februar, sa ordføraren i Ål at ho var veldig for ei samanslåing, men at språkspørsmålet var den beste grunnen til å røyste nei. Og det gjorde ålingane. Heile 70 prosent av dei sa nei til samanslåing med Hol.

I Åseral har ordføraren gått ut og sagt at nynorsken er grunnen til at han vil at kommunen skal stå åleine. Og lista er lang …

Og ikkje alle stader har nynorskkommunane, som me alle har tenkt at heilt naturleg skal halde fram som nynorskkommunar, kome av seg sjølv. Her har lokale målfolk stått på for at det i intensjonsavtalen mellom kommunane faktisk skal stå at den nye kommunen skal verte ein nynorskkommune.

Dei gode døma er viktige. Ålesund og Sel/Vågå er dei to gode døma på at kommunar med ulikt tenestemål kan verte nynorskkommunar. Men dei dårlege døma er vel så viktige for å halde fram arbeidet slik at det vert fleire slike gode døme. For utan hardt målarbeid frå iherdige hardtarbeidande målfolk, mange av dykk i salen i dag, så hadde det sett mykje verre ut for nynorsken i reformarbeidet, enn det gjer no.

Helseminister Bent Høie sa då han var intervjua i ei sak om kommunesamanslåing for nokre år sidan, at av alle dårlege argument mot reforma, så var nynorskargumentet det dårlegaste. Dette har han og resten av Høgre måtta bite i seg.

Hadde ikkje mållaget starta utgreiingsarbeidet, fått fakta på bordet i denne saka og bygd ein god politikk, så hadde stoda i dag sett svært annleis ut. Og det var på landsmøtet for to år sidan me saman tok den avgjerda. Etter det har språkspørsmålet blitt sett på dagsorden. Stort sett alle fylkeslag har skipa debattmøte, og mange lokallag har gjort det same.

Og eg har fått spørsmålet: men dette er irrelevant for oss utanfor nynorskområdet? Kva skal me gjere då?

Mitt svar er at alle som bryr seg om nynorsken, må vere opptekne av at nynorsken har så mange brukarar som mogeleg og eit så stabilt område som mogeleg. Eit språk er avhengig av ein sterk base.

Og basen må vere vid. Eg nemnde Montreal tidlegare. Her oppdaga dei tidleg at dei nye borgarane i byen måtte lære seg det språket som delstaten meinte var det lokale språket. Difor forventar ein i Montreal i dag at nye borgarar lèt borna sine integrerast i fleirtalssamfunnet gjennom å skrive dei inn i fransk skule. «Og resultatet har ikke latt vente på seg: Mens 92 % av innvandrerbarna i 1970 valgte engelsk skole, var prosenten i 1980 ca. 60, i 1995 ca. 20 (altså omtrent jevnt med prosenten av engelsktalende i Quebec»).

Parallellen til kampanjen for meir nynorsk for vaksne innvandrarar er openberr. Nett no har me hatt ein periode med massiv innvandring, og alle kommunar har måtta teke del i dugnaden for å busetje flyktningar. Nasjonal integreringspolitikk er at desse skal integrerast i lokalsamfunna dei kjem til. Kjem dei til nynorske lokalsamfunn, bør dei lære nynorsk. Problemet at er det er så alt for få kommunar som tilbyr nynorskopplæring.

Etter å ha lese i media om innvandrarar som sjølve trekkjer fram det å lære eit anna språk enn det som vert brukt i lokalsamfunnet som ei utfordring i kvardagen, meinte mållaget at det var på tide å gjere noko. Og etter å ha blitt nappa i skuldra av ei ung aust-europeisk dame på Finnøy, som undra kvifor kommunen ikkje lærte ho nynorsk slik at ho faktisk var kvalifisert til arbeid i kommunen som lærar eller i administrasjonen, vart det endå tydelegare for mållaget at kommunane må ta språkleg ansvar. I spørjeundersøkinga me hadde før kampanjestart, var det mange kommunar som ikkje ein gong visste kva språk dei gav dei nye innbyggjarane opplæring på og i.

Nynorskkommunane kan ikkje halde fram med å produsere bokmålsbrukarar inn i nynorske lokalsamfunn, utan at det får språklege konsekvensar. Kommunane skal vere viktige pådrivarar for politiske åtferdsmønster, tiltak, normer og verdiar. Å velje bokmål får konsekvensar for nynorsken. Og sjølvsagt motsett.

Difor må me halde fram kampanjen for at fleire kommunar skal vedta nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar, og me må krevje meir læremiddel på nynorsk slik at det skiftet skal verte endå enklare enn i dag. Slik situasjonen er no, er det ingen grunn til at det ikkje skal vere eit parallellitetskrav også for denne typen læremiddel, slik det er i grunnskule og vidaregåande skule.

Og svært mange av dykk i salen har no starta arbeidet. Politikarane er utfordra, og de har samla god informasjon. Somme har halde store møte om saka, som på Voss, i Granvin og i Knarvik. Og så har me fått vedtak som perler på ei snor: Voss, Hjelmeland, Årdal, Flora og Ullensvang.

Kva tyder dette i praksis? Når til dømes opplæringssenteret i Flora no heilt av seg sjølv har gått over til nynorsk, så snakkar me om over 200 innvandrarar med ulik status som vil få opplæring i nynorsk. I Sogndal som driv fellesopplæring for tre kommunar og eit asylmottak, er det òg snakk om over 200 elevar berre i år.

Mange av desse sakene me har arbeidd med dei siste åra, har vore saker som har handla om nynorskkommunar eller i alle fall område med nynorsk opplæringsmål.

Kvifor det? Ei heilt enkel forklaring er at me har vore så heldige at dei sitjande politikarane ikkje har føreslått endringar i sidemålsordninga, og det har blitt rom for annan politikk enn sidemålspolitikk.

Men ei anna forklaring er at eit kvart språk treng eit område, eit heartland, som det gjerne heiter i den internasjonale litteraturen.

På tysdag var eg på Otta, og møtte mellom anna Fron Mållag. Dei er uroa for ei kommunesamanslåing mellom Sør-Fron, Nord-Fron og Ringebu, to språknøytrale kommunar og ein nynorskkommune. Men dette området illustrerer godt kva som skjer mange stader. I Ringebu, lengst sør, var det i 1992 82 nynorskelevar av 437 elevar i alt, i dag er der 0. Ingen av dei skulane som då hadde nynorskelevar, finst i dag.  I Sør-Fron har ein 43 bokmålselevar og 319 nynorskelevar. Det er ingen bokmålselevar i grunnskulen, men om lag ein tredel av elevane byter i ungdomsskulen. I Nord-Fron byter ikkje éin elev i ungdomsskulen. Der bokmålet pressar seg på, er det i stor grad strukturelle endringar som gjer at det vert slik.

Dette er ei utvikling me kjenner att mange stader i Noreg. Og det er ei utvikling me ikkje klarar å ta att gjennom å få oppretta nynorskklasser i bokmålsområde. Me blør nynorskelevar i enkelte område av Noreg. Difor er sikring av desse områda viktig, dei må stabiliserast.

For i nokre av dei kommunane me vitja på Nynorskstafetten i haust, trekkjer rådmenn, ordførarar, rektorar, lærarar og barnehageleiarar på akslene. Trass i at dei arbeider i kommunar med ein stor del nynorskelevar og med lange tradisjonar for nynorsk i kommunen. Med ein gong kommunen ikkje har nokon plikter, slik mange ikkje har om dei er språknøytrale kommunar, slår dei berre ut med armane og seier at dette ikkje er noko dei kan eller vil gjere noko med. Dette er utanfor deira makt. ”Eg veit at med ein gong du seier ansvar, så kostar det pengar”, som ein sa.

Og i desse kommunane blør nynorsken utan at nokon gjer noko og fordi ingen gjer noko. Og ingen ser at dei to tinga heng i hop.

I eit intervju eg gjorde for Norsk Tidend med fyrste fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane Eli Bjørhusdal, som har skrive doktoravhandling om språkpolitikk, spurde eg kva fylgjer hennar funn bør ha for mållaget sin politikk:

- Om målet er språksikring, er ikkje nøytralitetsmodellen bra nok. Om det er viktig for det nynorske språksamfunnet og for nynorskbrukarane at språkskifte ikkje er så stort som det er i dag, må ein sjå på, og finne tiltaka sine, utanfor den ”poolen” av  tiltak som er laga under nøytralitetsregimet.

Bjørhusdal meiner at om ein ynskjer å fortelje elevar at dei bør skrive nynorsk, og ikkje bokmål, og lage politikk for det, så ser ho ikkje korleis ein kan gjere det med jamstillande tiltak.

«Meir reell jamstilling», som me er så glade i å etterlyse, er altså ikkje nok.  

- Då må du inn med ein type tiltak som er retta mot nynorskbrukarane og nynorskelevane, og då har du avvike frå nøytralitetspolitikken. Om ein til dømes meiner at statlege etatar eller verksemder skal kunne drivast på så mykje nynorsk som mogeleg, fordi det er viktig for det nynorske språksamfunnet, då må ein sjå vekk frå jamstillinga. Ein må sikre nynorsk, ikkje sikre rettferd. Og om offentleg språkpolitikk skal ha andre strategiar enn nøytralitet, så må i alle fall mållaget skifte strategi. Fordi det ikkje er tvil om at staten er nøytral fordi målrørsla har villa at han skal vere det.

Og nett no som regjeringa med jamne mellomrom har ymta frampå om at det kanskje er slik at dei vil kome med ei heilt ny språklov, så må me som organisasjon diskutere desse spørsmåla. Og alle nynorskbrukarane må sjå at det å sikre Sør-Fron eller Gol eller Åseral, det er til det beste for oss alle. For sjølv om nynorsken er for alle, så treng me eit område der nynorsken er samfunnsberande, og der han er brukt.

Som me veit, heldt det på å gå gale i eit av dei demokratisk avgjorde nynorskområda nett. Møre og Romsdal røysta måndag over språket i fylkeskommunen. Det vart ein intens kamp, der Romsdal og Nordmøre stod mot Sunnmøre, med nokre unntak (heldigvis), og der fylkeslaga våre gjorde ein kjempejobb. Gode nynorskpolitikarar i alle parti var på lag med mållaget i dette spørsmålet, og etter nokre nervepirrande timar der me lenge trudde me skulle tape og det vart arbeidd intenst mellom politikarane i fylkestinget, kom det til ein svært knapp siger. 25 – 22 for nynorsk. Og fødefylket til Ivar Aasen skal framleis vere eit nynorskfylke.

I år er òg året då eit av dei verkelege storprosjekta har kome i mål. Norsk ordbok er ferdig, og når hovudstaden sitt store universitet ikkje ville halde oppe det viktige arbeidet, var det nok ein gong Bergen som kom reddande til. I går var hotellet her fullt av nynorske kjendisakademikarar, om noko slikt finst, for å leggje planane for språksamlingane nett her i nynorskbyen Bergen.

Då landsmøtet var samla her i Bergen i 2000, var det etter eit år med 17 skulemålsrøystingar! Det siste året har det vore éi. Og nett no vert det på tre ulike skular i Bergen arbeidd for nynorskklasser – det er eit omfang me ikkje har sett før. Men skal dei lukkast, treng dei politisk vilje og ein by som til dømes kan speide over havet her, heilt til Montreal. For der Frp seier framtida skapes – den vedtas ikkje, så er det i internasjonale språkspørsmål nok av prov på det motsette: Framtida blir vedteken – ikkje skapt.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no