Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Kristin Sørsdal

 (15.04.2016)

Kristin Sørsdal har fått Målprisen 2016 for arbeidet med Napoli-kvartetten av Elena Ferrante.

– Folk tek med seg nynorsken på do, dei snik seg vekk frå familiane sine for å lesa nynorsk. Den litterære opplevinga kjennest som ein feber og alt gjennom prisvinnaren sitt levande språk. Bøkene hadde ikkje blitt ein suksess utan den høge standarden på omsetjinga, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, då ho overrekte Målprisen. 

Omsetjar Kristin Sørsdal vart møtt med ståande applaus då ho tok i mot Målprisen. 

– Som de veit vaklar me sørlendingar med språket. For meg var det viktig å få skrive «eg» og ikkje «jeg», så då vart det nynorsk, sa Kristin Sørsdal då ho tok imot prisen. 

– Eg synest denne prisen er ganske fortent. Det har vore mykje hardt arbeid å kome hit, sa ei smilande Kristin Sørsdal. 

Då Marit Aakre Tennø fortalde om prisen la ho fram heile grunngjevinga for utdeling av Målprisen: 

Det viktigaste vi kan gjere for nynorsken, er å bruke han. Eit levande språk er eit språk i bruk.

Like viktig er at dei som ikkje reknar seg som nynorskbrukarar, får positive møte med språket. Det kan vere ein god avisartikkel eller eit skodespel. Det kan vere ein fin julekonsert eller ein velskriven dom i lagmannsretten. Det kan vere ein italiensk skiskyttar eller eit enkelt oppslag med fjellvettreglane på ei hytte i Rondane. Alle desse tinga som til saman gjer at folk får augo opp for rikdomen i dette språket.

Men mange stader er nynorsk eit mindre nytta språk, stader der han er knapt synleg i kvardagen. Det kan vekse fram tankar om at nynorsk berre er noko som finst ein annan stad, noko som andre folk er opptekne av. I verste fall at det berre er noko NRK og staten held på med.

For å bøte på slike haldningar er nynorsken avhengig av suksessar. Noko som løftar språket ut av rolla som det mindre brukte språket. Napoli-kvartetten av Elena Ferrante er ein slik suksess.

Bokserien skildrar venskapen mellom to kvinner gjennom femti år, ein venskap som startar og utviklar seg i relativt gråe delar av Napoli. Serien er ein veldig suksess, ikkje berre i Noreg, men over heile verda. Det skuldast sjølvsagt den litterære kvaliteten, men det blir jo hakket meir spennande av at ingen heilt veit kven som skjuler seg bak forfattarnamnet. Ho vil vere anonym.

Elena Ferrante debuterte i 1992, og i 1994 kom debutboka hennar, Hjemreise, ut på norsk. Men det vart ingen suksess. I 2009 fekk ein norsk forfattar og omsetjar sitt fyrste møte med forfattarskapen, og forstod raskt at fleire av desse bøkene burde gjevast ut på norsk. Då Mi Briljante venninne kom ut på italiensk i 2011, greidde ho gjennom fleire års iherdig innsats omsider for eit par år sidan å overtale eit litt skeptisk forlag til å satse på forfattaren. Skepsisen skuldast ikkje tvil om den litterære kvaliteten, eller evnene til omsetjaren. Det er eit sjansespel å gje ut omsett litteratur i Noreg. Når forfattaren i tillegg er anonym og ikkje vil bli intervjua, så blir det ikkje enklare. 

Men Samlaget tok ein sjanse og vann. Totalt har Samlaget selt rundt 70 000 bøker, og det er berre når ein reknar dei to fyrste bøkene i serien. Den tredje kom no i mars. Det er ein av dei største suksessane til forlaget nokosinne. Sidan forlaget er ei stifting, vil inntektene gå til å gje ut endå meir nynorsk litteratur. Det sit lesarar over heile Noreg som ventar spent på neste bok.

Målprisvinnaren har gjennom sitt virke som omsetjar gjeve oss ein stor leseoppleving. Kvaliteten i arbeidet er svært høg. Ho les kvar bok opp mot åtte gonger, frå det fyrste møtet til den siste språkvasken. Og det syner att.

Folk tek med seg nynorsken på do, dei snik seg vekk frå familiane sine for å lesa nynorsk. Den litterære opplevinga kjennest som ein feber og alt gjennom prisvinnaren sitt levande språk. Bøkene hadde ikkje blitt ein suksess utan den høge standarden på omsetjinga. Det fortener i seg sjølv ein pris.

Eit poeng i bøkene er korleis den napolitanske dialekten ikkje kan nyttast utanfor byen, og korleis det å kunne snakke italiensk er heilt påkravd for å kunne lukkast i det italienske samfunnet. Samstundes er dialekten eit band til alt det ho kjem frå. Høyrest det kjent ut?

Prisvinnaren har gjort eit viktig arbeid for nynorsk litteratur, for eit sentralt nynorsk forlag og for nynorsken generelt. Me går forbi butikkvindaugo og nikkar litt mot bøkene og kjenner: sjå det går an å få massive lesarsuksessar på nynorsk. Elena Ferrante er vår. Nynorsken treng flaggskip og prisvinnaren har gjeve oss eit.

Målprisen 2016 går til omsetjar Kristin Sørsdal for arbeidet med Napoli-kvartetten av Elena Ferrante.

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no