Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Marit Kaldhol

 (15.04.2016)

I dag, på opninga av landsmøtet i Noregs Mållag i Bergen, får Marit Kaldhol Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet.

– Eg vaks opp med bokmål i Ålesund, med 14–15 år gamal tok eg eit val. Far min, språkhistoria, enkeltpersonar og mållaget var viktige støtter for meg, sa mellom anna Marit Kaldhol i takketalen. 

– Framleis møter eg vonbrotne ålesundingar, som om eg har svikta byen. Difor er eg veldig glad for å få denne prisen, fortalde ho. 

– Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Forfattaren fullfører den litterære ideen sin på ein kompromisslaus måte. Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka, skriv juryen i grunngjevinga.

Marit Kaldhol er frå Ålesund og boka er gjeven ut på Samlaget. Juryen har i år vore Margit Ims, Knut Åge Teigen og Marthe Frette. Prisen er eit diplom og 30 000 kroner. Det er Noregs Mållag som står bak prisen, og han vart fyrste gong delt ut i 1968.

Dette er grunngjevinga frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2015 er ein allsidig forfattar med både diktsamlingar, romanar og novellesamlingar i forfattarskapen. Vinnarboka er ein ungdomsroman om å vera annleis og utanfor, om identitet, om bier og mangfaldet både i naturen og blant menneska. Ein underliggjande tematikk er toleranse og ansvaret me har for kvarandre som medmenneske og verda me lever i.

Vinnarboka byrjar dramatisk. Kvitkledde menn evakuerer elevane og dei tilsette på ein ungdomsskule. Hovudpersonen misforstår evakueringa, ho trur det er ein terroraksjon, gøymer seg på loftet og vert etter kvart meldt sakna. På loftet trøystar og roar hovudpersonen seg med å tenkja på bier. Ho identifiserer seg sterkt med biene og har mykje kunnskap om livet deira. Gjennom bieforteljingane vert det skapt analogiar som gjev oss ei djupare forståing av livet til hovudpersonen. Dette biletet vert utfylt av forteljingane til to medelevar. Avdekkinga av kven desse tre ungdomane er, skjer med ein omtanke og varme som gjer det spennande å følgja historia til endes. Gjennom dei tre røystene får me eit vidare perspektiv på det å vera annleis, det å vera utanfor.

Vinnarboka skil seg ut som ungdomsroman både gjennom innhaldet og forma. Boka
utfordrar lesaren, synleggjer ein ganske brutal røyndom og stimulerer til refleksjon og ettertanke. Formmessig er vinnarboka original og stilmessig imponerande gjennomført. Boka er velkomponert med perspektivskifte og røyster som utfyller kvarandre samstundes som intensiteten i handlinga vert halden oppe. Eit anna særtrekk er dei korte tekstane med knappe og biletrike overskrifter på starten og slutten, ofte avslutta med korte Wikipedia-liknande oppslag der ord og omgrep vert forklara. Dette grepet både lettar og utdjupar lesinga.

Juryen gjev forfattaren honnør for høge ambisjonar på vegner av ungdomslesaren. Forfattaren fullfører den litterære ideen sin på ein kompromisslaus måte. Alvoret i boka er gripande samstundes som ei undring og glede over livet og verda ligg i botn av boka. 

Boka er gjeven ut av Det Norske Samlaget.

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2015 er Marit Kaldhol med boka Zweet. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no