Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk og fagrørsla

 (15.04.2016)

Are Tomasgard, LO-sekretær, held tale til landsmøtet om nynorsken i LO.

Ordstyrar, landsmøte

Fyrst av alt vil eg på vegne av LO takka for invitasjonen, og eg lovde å helsa frå LO- leiar Gerd Kristiansen som sjølv er medlem av mållaget før eg reiste vestover. Ettersom de må sitta og høyre på meg ei stund no, så kan eg plassere meg sjølv litt.

Eg vart vald inn i leiing på 2013 kongressen. Då kom eg frå posisjonen som ordførar i Sørum kommune i Akershus, men som de høyrer på mi dialekt, så er ikkje det same dialekt som den kanskje mest kjende sørumsokning si dialekt, nemleg nr. 91 Stomperud.

Eg kjem frå Odda i Hardanger, ikkje så langt her frå. Der vaks eg opp, budde og jobba fram til eg vart 34 år og utvandra frå Odda som kjærleiks-flyktning etter å ha treft ho eg framleis er gift med. Ho budde som de sikkert allereie har skjøna i Sørum. Elles har eg lang fartstid både i lokal – og fylkespolitikk – og fagbevegelsen - både frå tida på Vestlandet og tida etter eg flytta austover.

Tilbake til Odda. Kva er spesielt med Odda? Jo likestilling mellom nynorsk og bokmål. Odda kommune er ein såkalla språkdelt kommune. I grunnskolen fungerte språkdelinga bra. Eg var nynorskelev heile grunnskulen. Likevel skar det seg for min del då eg skulle starta andre klasse på idrettslina ved Odda gymnas som det heitte den gong.

Vi fekk rett og slett ikkje tak i skulebøker på nynorsk for pensum andre skulkeåret. Vi var fleire som då konverterte til bokmål. Det vart rett og slett for krevjande å ikkje ha dei rette bøkene.

Nok om meg og meir om LO.

De høyrer ofte at LO har 914 000 medlemmar. Det både stemmer og stemmer ikkje. LO har eigentleg berre 24 medlemmer. Dei 24 LO- forbunda. Det er LO- forbunda som til saman har 914 000 medlemmer. Vi i LO har ikkje eingong medlemslistene. Dei er det forbunda som har. Like fullt er LO en kraftfull aktør som koordinerer og opptrer på vegne av dei 24 forbunda.

LO er Noregs desidert største arbeidstakarorganisasjon. Vi er den eldste, den breiaste og den mest ungdomlege arbeidstakarorganisasjonen også. Det siste kan eg underbyggja med at heile 140 000 av medlemmene er under 30 år, noko som er oppløftande for ei lengre framtid. Dei 24 faglege forbunda femnar heile arbeidslivet.

Fagforbundet med 350 000 medlemmer er det suverent største forbundet, men også Fellesforbundet med 150 000, Handel og Kontor med nær 70 000, Industri Energi med om lag 60 000 og NTL med over 50 000 er store kraftfulle forbund.

Det strekker seg heilt til LOs minste forbund, som er Manuellterapeutane med 450 medlemmer. Manuellterapeutane er dei som ordnar opp i det dersom du er plaga med sjukdom på muskel eller skjelett. Utdanningsløpet for å bli manuellterapeut er 7- 8 år, og utdanninga skjer her i byen, ved Universitetet i Bergen.

Samla har vi rundt 60 000 tillitsvalde i LO- systemet, og dei fordeler seg på rundt 6-7 000 klubbar, avdelingar og foreiningar. Vi har 105 lokalorganisasjonar som blir drifta av dei lokale fagforeiningar rundt om i landet.

LO sentralt har ein administrasjon på om lag 200 tilsette. I tillegg kjem dei om lag 70 tilsette som er fordelt på våre 17 distriktskontor og kontoret LO har i Brussel. LO sitt øvste organ er LO- kongressen som vert avvikla kvart fjerde år. I mellom kongressane er det LOs- representantskap som er det øvste organisasjonsleddet.

Både kongressen og representantskapet består i all hovudsak av representantar valde av dei 24 LO- forbunda. Fylkesorganisasjonane har nokre delegater også på kongressen. LOs sekretariat som består av forbundsleiarane og leiinga i LO møtes kva måndag klokka 11.30, mens vi i LOs leiing har det daglege ansvaret for LOs aktivitet.

I all hovudsak handlar vårt arbeid om tariff og forhandlingar, arbeidsvern og juridisk bistand til organisasjonar og medlemmer, helse, miljø og sikkerheit, arbeidslivspolitikk, men også næringspolitikk, utdanning og kompetanse, ja det er nær sagt ikkje eit politikkområde vi ikkje har interesse av på vegne av våre medlemsorganisasjonar og deira medlemmer.

Med andre ord er LO ein kompleks organisasjon som femner om mange og mykje.

Og så er det er ei viktig sanning de må legga dykk på minne:

LO er ikkje noko meir en kva alle dei tilslutta forbunda gjer LO til. Dersom vi ikkje aukar bruken av nynorsk i LOs forbund, vert det både vanskeleg og langt på veg fånyttes å gjere vedtak i LO sentralt. Fordi den aller største aktiviteten og i saksarbeidet i all hovudsak går føre seg ute i forbunda, eller i nært samspill med forbunda.

Målsaka er viktig, men har aldri vore den store kampsaka! Ikkje fordi me ikkje bryr oss, men fordi det ofte har vore andre sakar ein har prioritert når ein går i krigen med arbeidsgjevarsida. Gode døme er arbeid for alle, ei løn å leve av, likestilling, arbeidstid og arbeidslivskriminalitet.

At me ikkje alltid har vore i front, betyr ikkje at me ikkje har rett politikk på feltet. Historisk har me, som eg skal kome attende til, mange sams interesser med målrørsla. Men det er fyste gong LO har gjort eit eksplisitt vedtak om nynorsk, slik me gjorde på LO kongressen i 2013:

"arbeide for likestilling mellom nynorsk og bokmål i arbeidslivet og samfunnet elles"

Det er no snart tre år sidan vedtaket vart fatta. Og eg skjønar det er ei hovudårsak til at eg vart invitert her i dag.  At det er eitt år igjen til 2017 kongressen – og de undrast på status.  

Med fare for å ta lufta ut av ballongen litt vel tidleg: Kan eg seie at situasjonen er betre, men ikkje bra nok. For å syne dykk litt av vår kvardag, og for å invitere dykk med til idédugnad, Vil eg skissere litt korleis stoda er i LO huset pr dags dato. 

Ein grunnregel hos oss er at alle LO-tilsette er stilt fritt til å skrive på den målforma dei ynskjer. Ingen vert diskriminert, men de veit jo veldig godt kva som er kvardagen.

Bokmål dominerer. Sakspapir, post it lappar, e- postar og publikasjonar. Eg har kikka litt på kvifor det er slik. Svaret er like enkelt som det er komplisert å gjere noko med. Dei som meistrar nynorsk meistrar ofte minst like godt bokmål. Og slik er det ikkje andre vegen. Noko som gjer at nynorskfolket tilpassar seg. Ein vel minste motstands veg. Noko me sjølvsagt ikkje er nøgd med.

Me slit og med praktiske utfordingar. Små ting som ein eigentleg ikkje tenkjer over. Det er ikkje mange dagane sidan ei skarp dame på personalavdelinga vår melde ifrå om at me har eit system, som ikkje gjev rom for nynorsk. Av tekniske årsaker. Mellom anna hadde LO i Sogn og Fjordane fått "NEI" når dei ville sette inn ei stillingsannonse på nynorsk. Ikkje fordi ein ikkje vil, men fordi det ikkje var praktisk mogleg. (Raudruss eller rødruss)

Slik kan det ikkje vere. Når me fann ut av det tenkte me det var lett å gjere noko med. Men neida, her måtte ein kjøpe ein ekstra nynorsk pakke av selskapet som leverte løysinga. Og sidan det var pengar involvert må me no gå ein runde med alle forbunda våre som har same løysing. Slik skal det heller ikkje vere.

De har laga ei oversikt over nynorskbruk på nettsida til nokre av forbunda i og utanfor LO og våre sider lo.no, og vi ser at de finn eit svært nedslåande resultat. Det gjev nok eit ganske godt bilete, men ikkje heilt rett. Me har også ei nettside som heiter arbeidslivet.no. Der publiserer me fagstoff, og der finn de ein og annan artikkel på nynorsk.

LO har jo eit særs omfattande nettverk Ei utfordring for denne supertankaren av ein organisasjon, er at det tar tid å endre rutinar. Det positive er enorm politisk makt og gjennomslag når ein fyrst ynskjer å få til noko. Noko me har synleggjort i AML kampen/andre store kampar me tar. Ledighet no om dagen. Folk er brennande engasjert. Slik er det ikkje med målpolitikken.

Men det er her eg og ser ein mogelegheit. Me er glade for at Mållaget lener seg framover og skriv  i handlingsprogrammet frå 2014: 

"Noregs Mållag vil òg byggja opp eit fagleg utval og nettverk for å styrkja stillinga til nynorsk i arbeidslivet og fagrørsla. Spesielt i LO"

Eg tolkar dette vedtaket slik at de gjerne vil ha ein dialog med oss om korleis me kan arbeida betre for å nå målet vi har formulert i vårt program. Eg tar gjerne innspel frå dykk til korleis me kan skape meir engasjement, samtidig så må me jo og ha med oss at det ikkje var denne typen arbeidarkamp me er forma for å fremje. Litt tålmodighet må de difor ha med oss.

Når det er sagt har det lenge vore god kontakt mellom målrørsla og fagbevegelse. Målrørsla var jo tidligare ei utprega sosial rørsle som også kjempa mot fattigdom og sosial urettferd. Me hadde derfor omfattande kontakt. Noko som igjen resulterte i at me støtta jamstillingsvedtaket når det vart gjort i 1903. Etter det gjekk me delvis frå kvarandre igjen.

Målrørsla gjekk i ei noko meir nasjonalistisk retning og hevda folkevæpning medan. Fagrørsla gjekk i internasjonal retning og hevda avvæpning og tesen om "det brekte gevær". Lokalt fann ein og skilnader. Norskdomsrørsla/bonde- og bygdelag var ein gjeng på bygdehuset. Medan innflyttar og fagrørsle var ein anna gjeng på folkets hus. Ulikt syn på målsaka vaks fram.

Det var mellom anna ein stortingsmann frå Arbeidarpartiet som kom frå fagrørsla som ein gong sa:  "Det viktigaste er ikkje om gryta skrives med t eller ikkje -  det er kva ein har i gryta som tel" (Gryden med "d" var alternativet)

Målpolitikkens fokus i fagbevegelsen vart og stadig meir utvatna av den enkle grunn at industrialiseringa tok over. Folk kom frå ulike delar av landet. Nokre kom også frå utlandet. Særlig svenske rallarar som etter eit liv på reis for å delta på veganlegg, jernbaneanlegg og bygging av industrianlegg - slo seg til ro med fast jobb i industrien.

Dei kom til stader som Stord og Odda. Gruver og smelteverk. Noko som igjen prega dei lokale dialektane. Og ein viktig ting til. INDUSTRIEN skreiv riks-/bokmål. I alle fall dei delane som var styrt frå større byar. Noko som gjorde det vanskelig for vanlege arbeidarar å halde på nynorsken. Ein kan ikkje prate om nynorsk i fagbevegelsen utan å prate om nynorsk i arbeidslivet.

Her er me attende til Odda-eksempelet mitt. I over 100 år har bokmål og nynorsk vore jamstelte. Både i administrasjon og skule. Ein vil ikkje ta stilling ja eller nei. Det kunne splitta folket. Dette er ikkje utypisk for arbeidarrørsla. Stadar der mange flytta til. Rjukan, Husnes, Årdal, Dale…!

Ein historie eg huskar godt frå starten av 1990 talet – ikkje så lenge etter at eg vart vald som kommunestyrerepresentant i Odda, var det ein debatt om namn på den nye sjukeheimen vi då heldt på å byggja i Odda. I heile mi oppvekst hadde eg høyrd at staden dei hadde vald å byggja sjukeheime på var Bakke.

No kom det opp eit anna namn eg ikkje hadde høyrt så mykje om, nemleg Bokko. Årsaka var klar. Før industrireisinga i Odda ved starten av 1900 talet, var Bokko det naturlege namnet, i tråd med den opphavlige Hardanger-dialekten. Etter industrireisinga og etter fleire tiår som ei språkleg lapskausgryte, hadde etter kvart området fått namnet Bakke i daglegtalen hos oddingane.

Det som så skjedde, var særs interessant. Kommunestyret splitta seg. Ei av stridlinene gjekk mellom – på den eine sida dei som hadde opphavet sitt frå det gamle bondesamfunnet som hadde vore i Odda før industrireisinga, og på den andre sida dei som hadde opphavet sitt frå dei som kom tilreisande for å få seg arbeid i industriverkstadene i Odda.

Eg huskar ikkje røystetala, men i dag heiter den moderne og flotte sjukeheimen i Odda Bokkotunet. Med andre ord: Når det vart sett på spissen, då vann dei opphavlige dialektane fram, men ikkje utan slag. Dømet viser at arbeidsmobilitet og demografiske endringar utfordrar dialektar og pressar over tid på i forhold til folk sine språkval.

Den språkleg utfordringa frå industrialiseringa har og ein moderne parallell: Press frå multinasjonale selskap. Som ikkje lenger bryt inn i krangelen mellom nynorsk og bokmål, men der ein no pressar på for å kvitte seg med det som er av norsk. Det er ein kamp mange tillitsvalde må gjennom.

Som ein del av kampen mot sosial dumping. Import av billeg arbeidskraft frå Aust-Europa, er det også eit krav om å skjøna norsk for dei som arbeider på til dømes ein byggjeplass. Me ser i dag at utanlandske arbeidstakarar er overrepresenterte på alle skade- og dødsfallstatistikkar. Ein av grunnane til det, er mangel på sams språk, og evne til å skjøna munnleg dialog. Tenk på den tillitsvalde sitt dilemma. Ein kjemper for å halde på norsk . Tenk dykk då om ein i tillegg skulle lansere nynorsk som alternativ. Den kampen tar ikkje den tillitsvalde - med mindre han eller ho har eit djupare forhold til nynorsk.

Her treng me mållaget si hjelp til å tenke kreativt. Moderne løysingar på moderne utfordringar. Hos oss er det som eg var inne på tekniske utfordringar. Det er mogleg å gjere noko med. Det er og eit spørsmål om koordinering (mange ledd), og om politisk prioritering. Eit anna problem me har støtt på er at dei fleste dokumenta me produserer baserer seg to element.

  1. Anten på eksisterande dokument (og ein vil ikkje omskrive ALT)
  2. Eller på samspel med kollegaer (som ikkje meistrar nynorsk)

Ei typisk utfordring i LO, der ingen er uttalt negative til nynorsk er som fylgjer: Arbeid med ny rapport og gjennomgang av regjeringa sine endringar i AML. 6 avdelingar er involvert. 12 rådgjevarar pluss politisk leiing.

Når ein rådgjevar, eller nokon i politisk leiing ymtar frampå at det kanskje er på tide me jobbar på nynorsk, nikkar alle saman rundt bordet. Og den eine rådgjevaren må ta heile skrivejobben. Slikt gjer du gjerne bare éin gong som rådgivar!

Ei siste utfordring som eg vil innom, og der me må tenkje klokt saman, er eit samfunn med svært mange ulike kulturar og bakgrunnar. Det ser me og blant våre tillitsvalde. Og mange slit med å levere god skriftlig norsk, nynorsk eller bokmål. Ingen klubbleiar vil i ein slik prosess gå inn og pirke. Ein er nøgd om det bare er noko som liknar norsk. Her har heile samfunnet mykje å jobbe med. Integrering og arbeidsliv heng saman.

Målsaka ER viktig for mange av våre, men me må tenke klokt. Det er viktig er å syne den etterspørselen som faktisk er der ute. At nynorsk er noko folk ynskjer. Det er ikkje lenge sidan me sende ut ein kronikk ein kunne bruke i lokale ledd. Det morosame der var at den kjapt kom i retur frå eit lokallag med spørsmål om kva tid nynorskvarianten kom.

Slikt er viktig. At ein er på - og krev sin rett.  LO sine medlemmer er som eg har vore inn på – utruleg mange fasettar. Det er umogleg å peike på ein typisk LO-medlem. Eg trur det smarte av oss som er glad i nynorsk er å køyre positive inngangar. Til forbund, klubbar, tillitsvalde, føretak. Heie på dei som gjer noko bra og ikkje seie noko om dei som ikkje har den same interessa.

Eit døme på det er at til Kongressen 2009, la vi fram ein rettleiar på korleis ein kan innføre 6. timar dag/30 timar veke i ei verksemd. På nynorsk. Det er den einaste offisielle publikasjonen me har om det temaet. De finn han på arbeidslivet.no. Eg trur og det er særs viktig at de i Mållaget evnar å formulere dykk om målpolitiske spørsmål slik at folk flest heng med. Alt for mange debattar eg har sett har vore veldig overordna akademisk. Store ord og lite om det praktiske.

Den enkle, flotte og stolte nynorsken som mange av våre medlemmar har med seg i ryggmargen frå skule og litteratur. Det er den me må få fram. Derfor er det også viktig at både Mållaget har programfesta samarbeid med fagrørsla, og at vi har programfesta eit positivt og proaktivt vedtak om nynorsk.

Og eg trur at dette kan vera ein stad å starte. Eg vil også peika på vedtaket frå dykkar arbeidsprogram under organisasjonar:

"LO-kongressen i 2013 vedtok i sitt nye handlingsprogram (kapittel 11) at LO vil arbeida for likestilling mellom nynorsk og bokmål i arbeidslivet og samfunnet elles. På bakgrunn av dette vil Noregs Mållag invitera LO til samarbeid om korleis dette kongressvedtaket best kan fylgjast opp. Noregs Mållag vil òg byggja opp eit fagleg utval og nettverk for å styrkja stillinga til nynorsk i arbeidslivet og fagrørsla, spesielt i LO. Medlemsverving blant LO-medlemer og tillitsvalde blir òg prioritert."

Dette er viktig arbeid som me ser fram til å fylgje og delta i. Det er viktig at de held eit auga på oss. Så skal me gradvis forbetre oss. Heilt til slutt. Eg vil gjerne be om å få med meg ein innmeldingsblankett på vegen heim.

Eg dristar meg til å spørja om dette, og kan fortelja ein noko som har vore litt hemmelig. Eg var faktisk delegat - utsendt frå Odda - på Målungdomen sitt landsmøte som fant stad akkurat her i Bergen ein gong midt på 1980-talet.

Eg skal ikkje legga skjul på at eg har ein forkjærleik for nynorsken, sjølv om eg ikkje sjølv meistrar målforma så godt etter fleire tiår på språkleg avveg. Som medlem av mållaget vil eg kunna minna meg sjølv på å skriva nynorsk ein del gongar, samt at eg vil kunna bidra med å verve nye medlemmer for målrørsla i fagbevegelsen.

Med dette seier eg takk for meg.

Og takk for merksemda!

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no