Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Matbloggar får nynorskstipend

 (16.04.2016)

Anita Stokke Blomvik frå Ørsta står bak matbloggen kvardagsmat.no, ein av få matbloggar på nynorsk. I høve landsmøtet til Noregs Mållag har ho fått nynorskstipend på 50 000 kroner. 

– Mållaget meiner bloggen til Anita Stokke Blomvik er eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen både for nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Med stipendet vil ho saman med eit digitalt byrå arbeide med å utvikle nettsidene, slik at matbloggen vert meir tilgjengeleg i søkjemotorar. Dei fleste som søkjer etter oppskrifter på nettet, gjer det på bokmål.

– Tidlegare i dag såg over 1000 menneske meg ta flyet frå Hovden, og dei lurar nok fælt på kva som hender vidare. Kan de hjelpa meg, spurte Anita Stokke Blomvik møtelyden. Ho spelte inn video på Snapchat og fortalte om stipendet med ein jublande møtelyd i bakgrunnen.

Noregs Mållag deler ut to slike stipend kvart år. Stipendene var ei gåve frå Kulturdepartementet ved 100-årsjubileet til mållaget i 2006.

 

Heile grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag:

Noregs Mållag har sidan 2007 delt ut to stipend på 50 000 kroner kvart år, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006.

Det fyrste stipendet Noregs Mållag deler ut, går til eit arbeid som er med på å fremje nynorsk på eit område der han ikkje er så synleg. Noregs Mållag er viss på at det arbeidet det her vert søkt om, vil vere eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen for både nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Anita Stokke Blomvik står bak matbloggen Kvardagsmat.no, som er ein av få matbloggar på nynorsk, der ho ynskjer å vise at alle kan lage god mat frå botnen av. I 2014 var bloggen ein av finalistane i kåringane av verdas beste nynorskblogg og årets matblogg. Han har fleire tusen lesarar kvar dag og er svært populær på sosiale medium.

Det var heilt naturleg for Anita å nytte nynorsk då ho starta bloggen. Ho har som mål å skrive god nynorsk som er lett forståeleg for alle lesarar, og å ufarleggjere nynorsken for dei som ser på nynorsk som noko framandt og ukjent.

Nynorsken gjer at Kvardagsmat skil seg frå mange andre matbloggar, men det kan vere vanskeleg å nå ut til alle med ein nynorskblogg. Dei fleste søkjer etter oppskrifter på bokmål, og det må mykje arbeid til for å bli høgt rangert av søkjemotorar. Anita ser ikkje på det som eit problem, men ei utfordring som skal løysast. Med stort pågangsmot vil ho i samarbeid med eit digitalt byrå vidareutvikle nettsida si slik at ho er av høg kvalitet, brukarvenleg og fylgjer spelereglane til søkjesidene for å nå ut med nynorske oppskrifter til fleire lesarar.

Få av dei mykje lesne bloggane er på nynorsk. Samstundes er dei store bloggane lesne av svært mange. Dei speler såleis ei viktig rolle som føredøme og påverknadskraft for mange, og ofte unge lesarar. Noregs Mållag er glad for at stipendmottakaren tek bryet med å gå mot straumen og ser på bloggen som ein svært god ambassadør for nynorsken på eit område der han er alt for lite brukt. Difor får Anita Stokke Blomvik eit stipend på 50.000 kr, og me ynskjer lukke til!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no