Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bergen er ein naturleg nynorskby

 (16.04.2016)

Under landsmøtet til Noregs Mållag stilte tre «menn med makt», som dei vart introduserte som, til samtale om nynorskbyen Bergen. Ordskiftet om Bergen som hovudstad på Vestlandet har gått den siste veka, spesielt i Bergens Tidende. 

Sjefedaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes, rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, og bystyremedlem i Bergen, Roger Valhammer (Ap), nærast kappest om å skryte av nynorsk, i samtale med Britt Kristin Ese.

– Me kan ikkje vedta at alle bergensarar skal like nynorsk, men me kan gjere mange vedtak som gjer det lettare å vere nynorskbrukar i Bergen. Det er mellom anna å sikre lærebøker på nynorsk, samle nynorskelevane i eigne klassar, og at bokmålselevar møter nynorsk i andre fag enn norsk, sa Roger Valhammer.

Han var byråd for skule då Bergen bystyre gjorde vedtak om utvida sidemålsopplæring i kommunen.

– Me har eit stykke å gå med barnehagane, men me jobbar med forskingsmiljø om korleis me kan få inn tidleg nynorsk språkstimulering for dei som ønskjer det, held Roger Valhammer fram.

– Alle internasjonalt leiande universitet i verda har lokal forankring i ei eller anna form. Den lokale forankringa til Universitetet i Bergen er Vestlandet, proklamerte Olsen, og viste heilt konkret til at dei no har teke over språksamlingane frå Universitetet i Oslo.

Som forskings- og utdanningsinstitusjon er Universitetet i Bergen opptekne av formidling, og Olsen trur mange har mykje å gå på for å skrive meir presist. Han trur nynorsk er eit språk som gjer det lettare å vere meir presis.

Øyulf Hjertenes meiner BT har ei openberr rolle på Vestlandet, og at nynorsk er ein viktig del av det. Han vil ikkje setje mål om ein viss prosent nynorsk, men oppmode dei som er gode nynorskbrukarar til å skrive nynorsk.

– Me ønskjer å ha ei liberal haldning, og at det er naturleg både å skrive om Torgallmenningen på nynorsk og om Hardanger på bokmål. Fleire av dei beste skribentane våre skriv nynorsk, truleg fordi dei arbeider med språket på ein mindre instrumentell måte, fortalte Øyulf Hjertenes.

– Ein framtidig vestlandsregion vil openbert ha nynorsk som hovudspråk, meiner eg, og då er det brått Bergen som er annleis og i mindretal. Det må me i Bergen ta innover oss, avslutta Roger Valhammer.

Delar av debatten i Bergens Tidende:

«Nynorskbyen Bergen» Leiarartikkel (24.01.2016)

«Min by. Men ikkje min representant.» Bård Vegar Solhjell (08.04.2016)

«Det er truleg for seint for Bergen» Georg Arnestad (12.04.2016)

«Bergen gjer ikkje jobben sin» Morten Myksvoll (15.04.2016)

Like før landsmøtet brukte Oddny Miljeteig sin spalte i Bergensavisen på emnet. «Sola skin over nynorskbyen Bergen.» 

Martin Årseth
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no