Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Haukeland universitetssjukehus

 (16.04.2016)

Haukeland universitetssjukehus har fått Målblomen for 2016 frå Noregs Mållag. Eivind Hansen, administrerande direktør for Helse Bergen HF,  tok imot prisen på landsmøtet til Mållaget.  

Sjukehuset har møtt motstand, men protestane har stilna. Haukeland har vorte eit døme på at det fint går an å bruke nynorsk i Bergen.
– No går det godt, og no fortener me prisen. Om me ein gong ikkje gjer det, kan me sjå til prisen som ein inspirasjon om å skjerpe oss, sa direktør Eivind Hansen i takketalen.

Fleirtalet av kommunane som soknar til sjukehuset brukar nynorsk, og difor skal sjukehuset nytte nynorsk. 
– Eg kan stolt fortelje at på det tidlegare Øyebygget lyser no Augebygget mot bergensarar og hordalendingar. Språk er viktig for identiteten, og det er naturleg at me brukar nynorsk, fortalte Eivind Hansen landsmøtet.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, som overrekte Målblomen gav denne grunngjevinga for utdelinga: 
Mållova er klår: kva språk eit statleg regionalt føretak skal nytta, skal avgjerast av språket i kommunane som soknar til føretaket. Fleirtalet av kommunane som soknar til Haukeland Universitetssjukehus, nyttar nynorsk. Difor skal sjukehuset nytte nynorsk som tenestemål.

Då sjukehusa skifta eigar frå fylke til statlege helseføretak, vart det sett spørsmålsteikn ved om desse nye helseføretaka skulle følgje Mållova. At dei skulle det, slo Språkrådet og seinare Kulturdepartementet fast i vedtak i 2004. Dermed måtte sjukehuset skilte om.
 
Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Korkje bergensarar eller dei tilsette lét til å meine at dette var ein god idé. Det vart kasta ut påstandar som at dette vil koste fleire tiltals millionar, pengar som heller skulle ha blitt nytta på pasientar. Det stod om liv og helse. Men etterkvart har protestane stilna. I staden har sjukehuset blitt eit levande døme på at det går fint an å nytte nynorsk også i Bergen.
 
For pasientar frå omlandet er ikkje Haukeland "nokre store saker" inne i byen. Det har blitt deira eige sjukehus. På den måten har sjukehuset vore til hjelp i arbeidet med å føre by og land, og land og by nærare kvarandre. Sjukehuset har blitt ein nynorskby verdig.

Ingenting er perfekt, heller ikkje nynorskbruken ved Haukeland Universitetssjukehus. Men trass i ein veldig motstand i byrjinga, har administrasjonen jamt og trutt levd opp til vedtaket i 2004, og det blir stadig betre.

For dette arbeidet får Haugeland Universitetssjukehus Målblome og det er stas at Eivind Hansen, administrerande direktør for Helse Bergen HF og for 12 000 tilsette kjem sjølv for å ta i mot Målblomen. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no