Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Magne Aasbrenn er ny leiar i Noregs Mållag

 (17.04.2016)

Magne Aasbrenn (60) frå Fredrikstad er vald til ny leiar i Noregs Mållag. Han er dermed den fyrste leiaren i Noregs Mållag frå Østfold. 

– Dette er ei stor glede for meg, og eg takkar også på vegner av østfoldmålet, seier Magne Aasbrenn, nyvald leiar i Noregs Mållag.

– Det eg er spesielt glad for etter dette landsmøtet, er at vi har kome eit godt steg vidare i samarbeidet vårt med fagrørsla. Vi har hatt besøk av LO-sekretær Are Tomasgard, og han gir klare signal om at her har vi mykje å gå vidare på, seier Magne Aasbrenn.

– Som ny leiar vil eg ta kontakt med LO-leiar Gerd Kristiansen og tilby hjelp frå mållaget til å gjennomføre vedtaket dei gjorde på LO-kongressen i 2013, om likestilling mellom bokmål og nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Landsmøtet vil sikre språkstimulering på nynorsk i barnehagane i nynorskområde. I desse dagar er det fleire kommunar som går over til å lære vaksne innvandrarar nynorsk, og då er det svært viktig å sikre læremiddel på nynorsk.

Nyvald nestleiar er Jens Kihl (30) frå Oslo og politisk journalist i Klassekampen. Har tidlegare hatt fleire sentrale verv i målrørsla som leiar i Norsk Målungdom og nestleiar i Noregs Mållag.

Dei andre styremedlemene er Inger Vederhus (62) oppvaksen i Flora og bur i Bærum, førstelektor i norsk ved grunnskulelærarutdanninga, Høgskolen i Oslo og Akershus, Inger Johanne Sæterbakk (34) oppvaksen i Orkanger og bur i Oslo, kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, Peder Lofnes Hauge (27) oppvaksen på Sandane i Gloppen og bur i Bergen, politisk rådgjevar for sosialbyråd for Venstre i Bergen. Ingrid Fiskaa (38) oppvaksen og bur på Bryne, lektor ved Sandnes vgs.

Varafolk: 1. vara: Haakon Aase (66), Meland, 2. vara: Randi Lohndal Frestad (68), Lista, 3. vara: Birgitta Lim Ersland (26), Oslo og 4. vara Øyvind Fenne (64), Fræna.

Noregs Mållag hadde sitt 99. landsmøte i Bergen fredag 15. april til sundag 17. april 2016 på Hotell Terminus i Bergen.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no