Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sjå kva Mållaget vedtok på landsmøtet i Bergen

 (17.04.2016)

NYNORSK MÅ INN I RAMMEPLANEN FOR BARNEHAGANE 
Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen for barnehagane må sikra at alle born, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språklæringa til barnehagane. Born i nynorske skulekrinsar har spesiell rett til å få grundig kjennskap til nynorsk.

Barnehagane er ein særs viktig arena for språklæring. Eit mål med opplæringa er å gjera borna klare til skulestart. Born må ha krav på å bli kjende med språket dei skal læra på skulen. Dagens praksis stettar ikkje eit slikt krav.

Eit grunnleggjande problem er at barnehagelærarutdanninga ikkje tek føre seg korleis barnehagen skal førebu borna på å verta nynorskelevar. Barnehagelærarar får heller ikkje kompetanse i å gi opplæring om og på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt. Ein ny rammeplan for barnehagane skal etter planen verta innført i 2017. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen slår fast at born i nynorskkommunar skal ha rett til å møta nynorsk i barnehagen. Dette inneber òg barnehagar i nynorskkommunar, anten dei er offentlege eller private, skal bruka nynorsk i barnehagen.

Stortinget må lovfesta at alt opplæringsmateriell for barnehagen skal vera tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål.
Med desse tiltaka kan me leggja til rette for at framtidige nynorskelevar vert trygge språkbrukarar, og med det sikra den nynorske framtida.

 

NYNORSK FOR VAKSNE INNVANDRARAR
Noregs Mållag sette hausten 2015 i gang kampanjen «NyNorsk – kampanje for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar». Ikkje lenge etter gjorde fem kommunar vedtak om dette: Voss, Ullensvang, Hjelmeland, Årdal og Flora. Det er no 42 kommunar med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.
Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er viktig at dei som buset seg i nynorskkommunar, lærer seg det lokale språket. Nynorskopplæring av innvandrarar vil setja dei betre i stand til å forstå norske dialektar og såleis verka til betre integrering.
Noregs Mållag oppmodar alle nynorskkommunane om å gje nynorskopplæring til vaksne innvandrarar.

 

MEIR NYNORSK I ARBEIDSLIVET OG FAGRØRSLA
Arbeidet i fagrørsla har vore ei prioritert sak på landsmøtet til Noregs Mållag i 2016. LO-sekretær Are Tomasgård deltok på landsmøtet og inviterte landsmøtet til meir samarbeid.

Noregs Mållag ser på samarbeidet med fagrørsla som særs viktig for å konsolidera stillinga  for nynorsken, og for å oppnå framgang. Kontakt og samarbeid med fagforbunda i og utanfor LO vil såleis vera ei prioritert oppgåve. LO-kongressen sitt krav om språkleg jamstilling må vera styrande for dette arbeidet.
Oppgåver for mållaga i samarbeid med fagforbunda, og deira foreiningar og klubbar, vil mellom anna vera å arbeida for meir nynorsk på arbeidsplassane. Særleg er det viktig at verksemder i område der nynorsken elles står sterkt, bruker nynorsk både internt og eksternt. Gode døme på dette må framhevast. Men også i dei store byane der bokmålet i mangt dominerer, er det viktig å forsvara rettane til dei mange tusentals menneske som har eller har hatt nynorsk som opplærings- og bruksmål og som har rett til å sjå sitt eige mål i dagleg bruk. Etter mållaget sitt syn vil dei tilsette sine organisasjonar kunna spela ei nøkkelrolle i å forsvara og betra nynorsken sin plass i arbeidslivet.
Organisasjonane har også ein jobb å gjera i eigne rekkjer når det gjeld å forsvara nynorsken sin naturlege plass i lagslivet. Dette handlar i sin inste kjerne om å ta vare på medlemene sine interesser.

Det er viktig at nynorsken er i bruk i alle samanhengar der skriven tekst er med. Det kan gjelda alt frå skilting, bedriftsinformasjon, internkontroll- og styringssystem og interne skjema i bedriftene til fagorganisasjonane sitt informasjonsmateriell, tariffavtalar og regulativ, nettsider, medlemsblad, medlemskort, medlemshandterings- og saksbehandlingsprogram, søknadsskjema, automatisk genererte svarbrev osb.

Mållaget arbeider med å etablera eit fagleg nettverk. Nye samarbeidsrelasjonar vil bli etablerte, og nye initiativ vil bli tekne. Vi oppmodar heile fagrørsla til å hjelpa og stø oss i dette. LOs jamstillingsvedtak er ein god start. Vi ynskjer at dei ulike forbunda på sine landsmøte og LO-kongressen i 2017 skal vedta meir forpliktande handlingsplanar for å styrkja nynorsken i eigne rekkjer og på arbeidsplassane.

Landsmøtet i Noregs Mållag ser fram til framhaldet av samarbeidet med LO og resten av fagrørsla, og vonar at dei to rørslene saman kan syta føre at nynorsken kan brukast for arbeidarane sine rettar.

 

NYNORSK I BERGENSSKULEN
Landsmøtet i Noregs Mållag vil rosa byrådet i Bergen for å gje nynorsken ein sentral plass i den politiske plattforma si. Det er viktig å leggja til rette for nynorsk i barnehage og skule, både i Bergen og i randsonene utanfor Bergen. Landsmøtet ber om at nynorsk språk og kultur får ein tydeleg plass i den endelege  behandlinga av skulebruksplanen.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at:

  • Elevar med nynorsk som hovudmål må få behova sine ivaretekne på alle klassesteg, inkludert ungdomsskulen.
  • Det må leggjast til rette for betre informasjon om og oppretting av nynorskklassar.
  • Skulane Riple og Haugland må ikkje leggjast ned.
  • Elevar med bokmål som hovudmål må få møta nynorsk språk og kultur gjennom tidleg opplæring skriftleg og munnleg frå dei fyrste trinna på barnesteget.

 

TO JAMSTELTE EKSAMENAR I NORSK
Landsmøtet i Noregs Mållag krev at elevane som går ut or den vidaregåande skulen tredje året, vert prøvde i to obligatoriske prøvar i norsk. Den eine prøven skal vera i nynorsk og den andre prøven skal vera i bokmål.
Landsmøtet i Noregs Mållag krev difor at den vidaregåande skulen får tilbake den gamle ordninga med to jamstelte og likeverdige norskeksamenar - på to ulike dagar - det året elevane går ut or den vidaregåande skulen.

 

LÆREMIDDEL FOR VAKSNE INNVANDRARAR
Mangel på oppdaterte læremiddel har vore ein viktig grunn for mange kommunar til ikkje å innføra nynorsk som opplæringsmål for vaksne innvandrarar.
Landsmøtet i Noregs Mållag krev at Stortinget lovfester at lærebøker og læremiddel for vaksne innvandrarar kjem ut på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.

 

NYNORSK I OFFENTLEGE ANBOD
Kommunar med nynorsk som tenestespråk sikrar lik og føreseieleg bruk av språk for innbuarane. Men når tenester vert lagde ut på anbod og private verksemder tek over kommunale oppgåver, fell bruken av nynorsk ofte ut. Private verksemder har ikkje plikt til å føre ei språklinje eller ein språkpolitikk. Då er språkbruken ofte tilfeldig, eller vert lagd opp etter overordna føringar eller vanar. Som regel endar mange opp med bokmål i det som eigentleg er eit nynorskområde. Dette kan gjelde til dømes private barnehagar, kollektivtilbod, ferjesamband, energiselskap, reinhaldsverk, helseteneste eller IKT-tenester.
Noregs Mållag oppmodar nynorskkommunar til å krevje at dei som leverer anbod og tenester, brukar nynorsk.
Problemet har vorte synleg mellom anna der private barnehagekjeder tek over drifta av kommunale barnehageplassar i nynorskkommunar. Der er mange døme på at dei private verksemdene nyttar bokmål. Ofte er dette eit av dei tidlegaste møta både foreldre og born har med ei offentleg teneste. Verksemdene har eit ansvar for medviten bruk av språk frå barnehage til ungdomsskule.

 

STORTINGET MÅ ENDRA OPPLÆRINGSLOVA FOR Å SIKRA ODDAMODELLEN SOM NASJONAL ORDNING
Landsmøtet i Noregs Mållag oppmodar Stortinget om å be regjeringa om å fremja framlegg til endring av opplæringslova paragraf 2-5, fjerde ledd, om å utvida retten til parallellklassar i bokmål og nynorsk til også å gjelda ungdomstrinnet.

Landsmøtet stør difor Odda kommune sitt initiativ overfor stortingsrepresentantar, ikkje minst frå Hordaland, om å få reist eit felles representantforslag til endring av opplæringslova paragraf 2-5, fjerde ledd, til å gjelda heile grunnskulen.

Oddamodellen er eit permanent parallellklassesystem tilpassa språkdelte område. Parallellklasseordninga tek vare på rettane til elevane og foreldra om målval. Den hindrar språkstrid og stimulerer læremiljøet i skulen og særleg på ungdomssteget.

Innføring av parallellklassesystem på ungdomssteget er ikkje noko anna enn ei utviding av eksisterande ordning på barnesteget.
Storleiken på gruppene må vera dei same for ungdomssteget som for barnesteget, det vil seia minst ti elevar. Opplæringslova paragraf 2-5 seier «når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det som er vedteke, har dei rett til å tilhøyra ei eiga elevgruppe.»  Der dette gjeld færre enn ti ungdomsskuleelevar, må desse likevel ha rett til å gå i same klasse.

Språkdelte klassar i alle teoreiske fag på ungdomssteget, som er ein del av Oddamodellen, førebyggjer i praksis målbyte både ved overgang frå barne- til ungdomssteget og frå ungdomssteget til vidaregåande skular.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no