Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk må inn i rammeplanen for barnehagane

 (18.04.2016)

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen for barnehagane må sikra at alle born, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språklæringa til barnehagane. Born i nynorske skulekrinsar har spesiell rett til å få grundig kjennskap til nynorsk.

– Barnehagane er ein særs viktig arena for språklæring. Eit mål med opplæringa er å gjera borna klare til skulestart, seier Magne Aasbrenn, nyvald leiar i Noregs Mållag. Born må ha krav på å bli kjende med språket dei skal læra på skulen. Dagens praksis stettar ikkje eit slikt krav.

– Eit grunnleggjande problem er at barnehagelærarutdanninga ikkje tek føre seg korleis barnehagen skal førebu borna på å verta nynorskelevar, seier Magne Aasbrenn. Barnehagelærarar får heller ikkje kompetanse i å gi opplæring om og på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt. Ein ny rammeplan for barnehagane skal etter planen verta innført i 2017. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen slår fast at born i nynorskkommunar skal ha rett til å møta nynorsk i barnehagen. Dette inneber òg barnehagar i nynorskkommunar, anten dei er offentlege eller private, skal bruka nynorsk i barnehagen.

Stortinget må lovfesta at alt opplæringsmateriell for barnehagen skal vera tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål.

Med desse tiltaka kan me leggja til rette for at framtidige nynorskelevar vert trygge språkbrukarar, og med det sikra den nynorske framtida.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no