Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samisk og kvensk namn

 (20.04.2016)

Landsmøte i Noregs Mållag vedtok i helga kva organisasjonen heiter på sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk og på kvensk. Vedtaket var samrøyses. 

Gunnhild Skjold, leiar i Stundentmållaget i Tromsø heldt innlegg for landsmøte for framlegget. Det var Studentmållaget i Oslo, Studentmållaget i Tromsø, Studentmållaget i Stavanger, Ås studentmållag, Studentmållaget i Bergen og Studentmållaget i Nidaros som kom med framlegget på landsmøtet. Den nye paragrafen ser slik ut: 

§ 2.8 Samskipnaden heiter Noregs Mållag på norsk, Nøørjen Gïelesiebrie på sørsamisk, Vuona Giellasiebrre på lulesamisk, Norgga Giellasearvi på nordsamisk og Norjan Kielijoukko på kvensk. 

Studentmållaga la fram denne grunngjevinga: 

Samisk og kvensk språk står overfor store utfordringar. Sjølv om staten ikkje lenger fører nokon hissig assimilasjonspolitikk overfor urfolk og nasjonale minoritetar, lir desse framleis under skadeverknadene av den politikken som vart ført for berre nokre få tiår sidan. Desse utfordringane kan ikkje løysast av Noregs Mållag åleine. Men som målfolk veit me godt kor viktig det er å verta akseptert og anerkjent, særleg når ein høyrer til eit språkleg mindretal. Som målfolk veit me òg eitt og hitt om korleis det å stå saman kan vega opp for manglande kjøtvekt. Fylgjeleg bør Noregs Mållag vera blant dei fyrste til å visa solidaritet med samar og kvenar når språka deira vert pressa.

Så er det klart at i det daglege arbeidet til Noregs Mållag får nynorsken og dialektane det meste av merksemda. Slik skal det også vera, då det er dette som vårt hovudnedslagsfelt som organisasjon. Samstundes er ikkje det til hinder for at Mållaget tek visse prinsipielle, språkpolitiske standpunkt som er gyldige utover vårt eige tilfelle, og at me viser solidaritet med andre små og mellomstore språk. Dette kjem mellom anna til uttrykk i dei tyngste styringsdokumenta for organisasjonen vår.

I det internasjonale programmet åt Noregs Mållag, som vart vedteke på landsmøtet i Tromsø i 2005, slår me fast at «[s]pråkleg mangfald er ein rikdom, og Noregs Mållag må stø alle tiltak som tener til å halde mangfaldet ved lag.» Vidare heiter det at «[m]ed tap i språkrikdommen forsvinn ein umisseleg del av den menneskelege kulturarven.» Desse generelle konklusjonane stør opp om innhaldet i prinsipprogrammet vårt. Der står det svart på kvitt at «Noregs Mållag stør samar og kvener i deira strid for språk og kultur.» Framleggsstillarane meiner det er på tide å synleggjera denne politikken, både internt i Mållaget og utetter i samfunnet. Å vedta samiske og kvensk namn på organisasjonen vår vil vera ein god, enkel og symboltung måte å gjera det på. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no