Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen

 (23.04.2016)

Prodekan Berte-Elen R. Konow flankert av Gunhild Lauvsnes og Brita Helleland frå Juristmållaget. (Foto: Synne Slettebø)

Juristmållaget har gitt Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen Målprisen 2015. Dei får prisen for det gode arbeidet med nynorsk på det juridiske området, og for å stimulera til vidare arbeid med å fremja juss på nynorsk.

I grunngjevinga heiter det at «Fakultetet får målprisen på grunn av den aktive støtta dei gjev til nynorskskrivande studentar ved studiestart. Det er gitt klare oppmodingar frå tilsette om å halde på målforma, og det har vore organisert nynorske arbeidsgrupper sidan hausten 2009. I tillegg har fakultetet gode arbeidsvilkår for vitskapleg tilsette som brukar nynorsk.

I opningstalen har dekanen ved Det juridiske fakultet ofte framheva fortrinna ved å skrive nynorsk. Han meiner nynorskbrukarane er betre trena til å tenkje gjennom den nøyaktige tydinga av fagomgrepa, og difor lettare knekk koden med lovtolking.

Faktultetet har gjort ord til handling ved å tilby nynorske arbeidsgrupper i første og andre studieår, der språket er ein viktig del.

Satsinga har gitt positive resultat. Talet på studentar som registrerer nynorsk som målform ved semesterstart stig jamt, og det same gjeld deltakarar i dei nynorske arbeidsgruppene. Dette gjer at Juristmållaget ikkje er i tvil om at Bergen er nynorskhovudstaden innan jussen.»

– Dette var svært gledeleg, seier prodekan Berte-Elen R. Konow, som understrekar at ho er klar over forventingane som følgjer med prisen. Desse vil fakultetet strekkja seg for å imøtekomma.

Prisen vart delt ut på allmøte om strategiplanen til fakultetet den 20. april 2016. At strategiplanen er skriven på nynorsk syner at Det juridiske fakultet er ein verdig mottakar av målprisen.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no