Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gjennom ord blir verda stor

 (27.04.2016)

Hanne Skartveit, politisk redaktør i VG, har ikkje skjønt stort av det Mållaget ynskjer å få inn i den nye rammeplanen for barnehagane.

– Som nyvald leiar av Noregs Mållag vart eg overraska over minileiarteigen i VG tysdag 19. april som fjasa bort landsmøtets barnehageutspel med hjelp av det pubertale uttrykket «spynorsk», seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. VG har fleire gonger tidlegare på leiarplass gjeve krystallklar støtte til nynorsken.

Etter at Aasbrenn deltok i programposten "Ærlig talt" med Anders Høglund på Radio Norge, intervjua kanalen politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, om kva ho tenkjer om minileiarteigen og då unnskylder ho den. Samtidig seier ho at bakgrunnen var eit «tåpeleg» framlegg om å få nynorsk i barnehagen.

– Eg vart glad for at politisk redaktør Hanne Skartveit seier det ho seier, men det syner også at ho ikkje har skjønt stort av det Mållaget ynskjer å få inn i den nye rammeplanen for barnehagane som regjeringa arbeider med, seier Magne Aasbrenn.

– Mållaget ynskjer at alle born over heile landet skal få møte nynorsk i barnehagen gjennom barnebøker, songar, rim og regler. Det gjev eit rikare språkmangfald, og er i tråd med norsk språkpolitikk, seier Magne Aasbrenn.

I morgon skal det vere ei eiga høyring i Stortinget om ”Stortingsmelding 19: Tid for lek og læring - bedre innhold i barnehagen”. Noregs Mållag vil delta på denne høyringa.

– Skal det vere ein god samanheng mellom barnehage og skule i nynorskområde, meiner Noregs Mållag at borna må få nynorsk språkstimulering i desse barnehagane, seier Magne Aasbrenn.

Mållaget har gjennom fleire år vitja barnehagar over heile landet. Det syner seg at mange barnehagar i nynorskområde har svært mykje bokmål i barnehagekvardagen, og det gjer det vanskelegare for borna når dei tek til i skulen.

Noregs Mållag ber om at den nye rammeplanen slår fast at born i nynorskkommunar har rett til å møte nynorsk i barnehagen. Dette kravet inneber òg at barnehagar i nynorskkommunar, både offentlege og private, skal bruke nynorsk i barnehagen.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no