Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring på Stortinget

 (29.04.2016)

Torsdag 28. april var det høyring på Stortinget om stortingsmelding Tid for lek og læring. Noregs Mållag vil ha meir nynorsk i barnehagane. Nyvald leiar Magne Aasbrenn og dagleg leiar Gro Morken Endresen møtte for Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. 

Noregs Mållag leverte dette høyringsinnspelet. 

Noregs Mållag er glad for at det skal koma ny rammeplan for barnehagar til neste år, og  meiner det er på tide at rammeplanen no ser nærare på språkstimuleringa som skjer i barnehagen. Om lag 90 % av alle born i Noreg går i barnehagen, og det som blir formidla der, når og påverkar dermed dei aller fleste. Noregs Mållag ynskjer å koma med desse innspela til føringar Meld. St. 19 bør leggja for det vidare arbeidet med rammeplanen:

  1. Rammeplanen må slå fast at born i skulekrinsar med nynorsk har rett til å få nynorsk i barnehagen. Det inneber at både offentlege og private barnehagar i desse områda skal bruka nynorsk i barnehagen.
  2. Born med eit anna morsmål enn norsk må vera sikra ei god oppfølging i utviklinga av norsk som andrespråk. Det tyder at desse borna i nynorskområde også må sikrast nynorsk språkstimulering.
  3. Alle born bør møta nynorsk i barnehagen no og då. Det aukar forståinga av det språklege mangfaldet som finst i Noreg, og det aukar språkkompetansen til borna.
  4. Det må utviklast meir materiell for språkarbeidet i barnehagane som også skal tematisera dialektmangfaldet, nynorsk og bokmål

Grunngjeving:

1) Rammeplanen må slå fast at born i skulekrinsar med nynorsk har rett til å få nynorsk i barnehagen. Det inneber at både offentlege og private barnehagar i desse områda skal bruka nynorsk i barnehagen.

Språkstimuleringa som skjer i barnehagane, bidreg til språklæring kvar dag. Språkstimuleringa i faste formular som songar, rim, regler, bordvers osb, og i tillegg høgtlesing frå bøker, følgjer ofte skriftspråka våre. Og barnehageborn lærer nynorsk gjennom øyra. Meldinga strekar sjølv opp ”at ny rammeplan skal ha et tydeligere skoleforberedende innhold for de eldste barna i barnehagen, i samsvar med etablert praksis i de fleste barnehager.” Den lydlege innlæringa borna får, er ein god start på det som seinare følgjer av språklæring i skulen.

Over 8000 born startar kvart år på ein nynorskskule. Å vera ein trygg og stødig språkbrukar er viktig for mest all anna læring i skulen, og born i nynorskområde bør ikkje starta på skulen med eit språkleg handikap. Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga slår fast at som generell kompetanse skal kandidaten ”mestre norsk språk, både bokmål og nynorsk, på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.” Eit krav om bruk av nynorsk i nynorskområde er såleis heilt i tråd med den kompetansen utdanningsinstitusjonane har gjeve barnehagelærarane.

I meldinga er elles samisk tematisert, mellom anna gjennom formuleringa: ”Regjeringen vil at ny rammeplan skal fremheve og tydeliggjøre forpliktelsen kommunene har for at samiske barn får et barnehagetilbud bygd på samisk språk og kultur.” Noregs Mållag bed om at dei same omsyna blir tekne til nynorsk i nynorskområda. 

2) Born med eit anna morsmål enn norsk må vera sikra ei god oppfølging i utviklinga av norsk som andrespråk. Det tyder at desse borna i nynorskområde også må sikrast nynorsk språkstimulering.

I nynorskkommunar og i nynorskområde får born med eit anna morsmål enn norsk, opplæring i nynorsk på skulen. I alle framtidige planar knytte til språkstimulering og/eller norskopplæring er det viktig å tydeleggjera at desse borna må bli møtte med nynorsk frå barnehagen av.

Det er framleis altfor mange nynorskkommunar som gjev bokmålsopplæring til dei vaksne innvandrarane, mykje fordi dei peikar på at det er for få nynorske læremiddel for denne gruppa. Samstundes lærer borna deira nynorsk på skulen, og det skaper unødige vanskar for å kunna hjelpa til med skulearbeidet. Det er viktig at også staten gjer sitt til alle innbyggjarar i nynorskkommunar har ein reell rett til nynorsk, og særleg for denne gruppa må ein sjå born og foreldre i samanheng.  

3) Alle born bør møta nynorsk i barnehagen no og då. Det aukar forståinga av det språklege mangfaldet som finst i Noreg, og det aukar språkkompetansen til borna.

Nynorsk og bokmål har ulike vilkår. Alle lærer bokmål tidleg fordi vi møter det over alt. I bokmålsområde er det derimot lite tilgang på nynorsk. Når borna midt i barneskuletida tek til med nynorsk, har mange lite kjennskap til det frå før. Starten med nynorsk i skulen vil gå lettare dersom elevane i mange år alt har møtt nynorsk jamleg.

4) Det må utviklast meir materiell for språkarbeidet i barnehagane som også skal tematisera dialektmangfaldet, nynorsk og bokmål.

Det er nyttig for barnehagane å få godt materiell som gjer det lettare å driva språkarbeidet i nynorskområda. Erfaringane frå språkarbeid og forsking på dette feltet må delast med dei som arbeider i barnehagane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no