Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i offentlege anbod

 (03.05.2016)

Kommunar med nynorsk som tenestespråk sikrar lik og føreseieleg bruk av språk for innbuarane. Men når tenester vert lagde ut på anbod og private verksemder tek over kommunale oppgåver, fell bruken av nynorsk ofte ut.

Private verksemder har ikkje plikt til å føre ei språklinje eller ein språkpolitikk. Då er språkbruken ofte tilfeldig, eller vert lagd opp etter overordna føringar eller vanar. Som regel endar mange opp med bokmål i det som eigentleg er eit nynorskområde. Dette kan gjelde til dømes private barnehagar, kollektivtilbod, ferjesamband, energiselskap, reinhaldsverk, helseteneste eller IKT-tenester.

Landsmøtet i Noregs Mållag oppmodar nynorskkommunar til å krevje at dei som leverer anbod og tenester, brukar nynorsk.

Problemet har vorte synleg mellom anna der private barnehagekjeder tek over drifta av kommunale barnehageplassar i nynorskkommunar. Der er mange døme på at dei private verksemdene nyttar bokmål. Ofte er dette eit av dei tidlegaste møta både foreldre og born har med ei offentleg teneste.

Når private verksemder får ansvar for bruk av språk frå barnehage til ungdomsskule, må kommunane som slepp dei til, passe på at dei tek vare på nynorsken.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Debattinnlegg
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no