Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stå på (konsesjons)krava!

 (04.05.2016)

- TV2 har vore eit godt føredøme når det gjeld bruk av nynorsk og dialekt i eteren. Regjeringa burde vere stolte. I staden seier kulturministeren at dette ikkje er viktig, seier Magne Aasbrenn. 

- Nordmenn har i to tiår elska og hata sendingane med Eli Kari Gjengedal, Per Ståle Lønning og Elin Tvedt. Dette har vore ein suksessformel for TV2. Vi har fått amerikanske storfilmar med nynorsk tekst og ei rekkje TV2-journalistar har vunne prisar for sin gode nynorsk.

Det seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han er overraska over kulturminister Linda Hofstad Hellelands utlysing om drift av kommersiell allmennkringkastar i Noreg, ein lisens TV2 har i dag. Utlysinga inneheld ikkje krav til språkbruk, og heller ikkje til barneprogram eller støtte til norsk film- og tv-produksjon.

- Så nei, kulturminister, dette held ikkje. Vi kan ikkje ha allmennkringkastarar i Noreg som ikkje får krav om å sende på både nynorsk og bokmål.

Mållagsleiaren er derimot glad for at det framleis er krav om at det skal vere dagleg nyhendeproduksjon i Bergen.

- Dette er viktig for mediemangfaldet i Noreg, både språkleg og kulturelt, seier han.

Aasbrenn meiner erfaringa har vist at krav om språkbruk ikkje er eit krevjande krav å stille:

- TV2 har i mange år vore eit godt føredøme når det gjeld bruk av nynorsk og dialekt i eteren. Regjeringa burde vere stolte av at Noreg har ein kommersiell allmennkringkastar som tek sitt kulturpolitiske ansvar på djupaste alvor. I staden seier kulturministeren at dette ikkje er viktig. Det skuffar meg, held Aasbrenn fram.

- Vi legg oss ikkje opp i kven som vinn neste søknad om lisensen, men synst det er ille at ikkje kulturministeren klarer å sjå det millionar av nordmenn i tjue år har sett: Kommersiell kringkasting fungerer like bra på nynorsk som på bokmål. Det kravet må Noreg framleis stille, avsluttar Aasbrenn.

Her er utlyisnga
 

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no