Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skal 12-åringar avgjere norsk språkpolitikk?

 (09.05.2016)

Eit paradoks: Born på 12 år er blant dei fremste målpolitikarane i landet. 

I Noreg går nynorskelevar og bokmålselevar i språkblanda klassar om det er bokmåls- og nynorskelevar på ungdomssteget. Unntaket er hovudkrinsen i Odda. Her har det vore språkdelte klassar heilt sidan ungdomsskulen vart innførd. I nynorskklassane har difor undervisninga føregått på nynorsk og i bokmålsklassane har undervisninga føregått på bokmål. Det er dette som er Oddamodellen.

I Odda vedtok kommunestyret før jul i 2015 å oppheva språkdelinga for dei elevane som skal byrja i 8.klasse hausten 2016. Fleirtalet av elevane i Odda har nynorsk. Somme år passar det til dømes med ein bokmålsklasse (25 elevar) og to nynorskklassar (50 elevar), men skulesjefen i Odda seier likevel at heretter skal alle klassane vera språkblanda. Odda kommunestyre er samstundes for at språkdelinga skal halda fram dersom staten dekkjer meirkostnadene med å halda oppe språkdelinga. Men enno er ikkje desse midlane komne på plass. Kjem det midlar på plass, vil Odda kommune halda fram med språkdelinga også for dei elevane som byrjar i 8.klasse hausten 2016. Grunngjeving for språkdelinga i Odda er - og har vore - at elevane skal verta trygge og dugande språkbrukarar.

Målbyte

I Odda er det ikkje målbyte frå barneskulen til ungdomsskulen. Vidare er det svært lite målbyte frå ungdomsskulen til den vidaregåande skulen: Hausten 2015 bytte under 4 prosent av elevane som byrja på Odda vidaregåande skule. På landsplan byter halvparten av nynorskelevane på barnesteget til bokmål når dei går ut or den vidaregåande skulen, og i somme område, til dømes Rogaland og Valdres, er målbytet endå høgare.

Ein elev står fritt til å skifta skriftspråk når han tek til på  ungdomsskulen, frå nynorsk til bokmål og frå bokmål til nynorsk. Men dette målbytet er asymmetrisk. Eg vil tru at for kvar bokmålselev som byter frå bokmål til nynorsk, er det 100 nynorskelevar som byter til bokmål, jf. opplysningar  om målbyte i grunnskulen i Øystre Slidre og i Øygarden. I framhaldet kan me stilla spørsmålet: Er det rimeleg  å seia at ungdomar fyrst kan ta avgjerd om målbyte når dei er 15 – 16 år? Dersom svaret er ja, vil det seia at elevar får denne retten når dei byrjar i den vidaregåande skulen.

Etter mitt syn er det rett å leggja ulike omsyn til grunn når det skal vurderast kva rettar 12 år gamle born skal ha. På sida ung.no heiter det om rettar for tolvåringar: Du skal få uttale deg i saker som angår dine personlige forhold. For eksempel hvor du skal bo og hvor du skal tilbringe ferier hvis foreldrene dine er skilt eller viss du ha kontakt med barnevernet. Det skal legges stor vekt på hva de mener.

Eit skilsmål mellom foreldra er ein ekstraordinær hending der det må finnast ei løysing som tek omsyn til både foreldra og borna. I ein slik situasjon er det rimeleg at borna har eit ord med i laget. Ei kvalitativ anna sak er det å byta skriftspråk, samanlikna med det å uttala seg om buplass når foreldra har skilt seg. Skriftspråket i ein kommune er ei samfunns- og kultursak, og ikkje ei sak for meir eller mindre sjølvstendige tolvåringar. At skriftspråket er ei samfunns- og kultursak kom òg til uttrykk då Stortinget i 1985 vedtok at alle skal ha røysterett når ein krins stemmer over skulemålet, ikkje berre foreldra til dei som har born i grunnskulen. Før den allmenne stemmeretten vart innførd i 1985, var det berre foreldra som  kunne delta i skulemålsrøystingar.

Eitt anna spørsmål som må avklarast, er kva som er grensa for at  det vert utløyst statlege midlar til språkdelte klassar. I dag er nedre grense 10 elevar for språkdelte klassar (parallellklassar) på barnesteget, og  den same grensa bør gjelda for ungdomssteget. Dersom det ikkje er høve til målbyte i grunnskulen og dersom ein kjenner den nedre og øvre grensa for elevtalet i språkdelte klassar, vil det vera lett for staten – med hjelp av dei kommunale skuleadministrasjonane – å rekna ut meirkostnadane med språkdeling. Timeplanlegginga vil òg verta  meir føreseieleg. Dessutan vil elevane vera langt meir mogne og ha meir kunnskap når dei eventuelt seinare vil vurdera å skifta skriftspråk.

Korleis ta vare på foreldreretten?

Foreldreretten er grunnleggjande i Noreg. Dette er ein rett som dreg med seg både rettar og plikter. Foreldra har rett til å oppretta klassar (grupper) med eit anna skriftspråk enn det som krinsen har valt. Me kan spørja om det finst andre samfunnsfelt der born har slike rettar. I mange lokalsamfunn får denne barneretten store språklege og dermed kulturpolitiske konsekvensar. Eg kan forstå at Kunnskapsdepartementet ikkje vil innføra Oddamodellen med dagens lovverk. Det ein kan risikera er at det vil dukka opp klassar på ungdomssteget med ei anna målform enn målforma i krinsen. Og mang ein gong vil dette dra med seg  ekstrautgifter for samfunnet. Men dersom me seier at språket i krinsen skal fylgja elevane heile vegen gjennom grunnskulen, vil me sleppa språkblanda klassar på ungdomsskulen. Retten elevane har til å ha lærebøker på eit anna skriftspråk enn det krinsen har valt, bør og falla bort. Men retten til oppretting av parallellklassar frå fyrste klasse i grunnskulen tek vare på foreldreretten. I bokmålskrinsar kan nynorskforeldre krevja at borna deira skal gå i ein rein nynorskklasse, og bokmålsforeldre kan krevja det same i ein nynorskkrins. Men språket i ein skulekrins er ei samfunnssak, ikkje ei individuell sak for born på 12 år.

Oppsummering

Eg meiner at det skriftspråket som elevane byrjar med i fyrste klasse, skal fylgja dei i alle ti åra i grunnskulen. Vidare meiner eg at språkdelte kommunar skal få dekt meirkostnadane med språkdeling, både på barnesteget og på ungdomssteget. I tillegg meiner eg at den nedre grensa for språkdeling på ungdomssteget skal vera 10 elevar, ikkje 15 elevar som Utdanningsdirektoratet gjer framlegg om. Dessutan kan ikkje målbruken til lærarane vera ei privatsak. Ein lærar må undervisa på skriftspråket til elevane slik lærarane på Odda ungdomskole gjer. Det er ein sentralt faktor i  Oddamodellen, ein faktor som er med på å hindra målbyte frå ungdomsskulen til den vidaregåande skulen. I språkblanda klassar vil nynorskelevane lett verta utsette for mobbing, gjerne ikkje tilsikta, men likevel reell. Det er nok at ein bokmålselev spør: Kva tyder ordet døme? Implisitt: Er ikkje nynorsk eit rart språk?

Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no