Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Takk, Ivar Aasen!

 (18.05.2016)

Peder Lofnes Hauge, styremedlem i Noregs Mållag, held talen ved kransenedlegging ved Ivar Aasen-støtta på 17. mai i Bergen. 

Gode målvener, 
gratulerer med dagen! Og takk Ivar Aasen.

No skulle Sanna Sarromaa sett oss. Her står vi, denne mafiaen, ja, denne millitante og dogmatiske gruppa, denne forferdelege, patetiske, språkpolitiske minoriteten, og minnest Ivar Aasen. Har vi ikkje betre ting å gjere på sjølvaste 17. mai? Kan vi ikkje berre slutte å vere så millitante og heller marsjere taktfast til tonane frå store korps i gatene medan vi vaiar med flagg, slik alle andre gjer?

Det er greitt at vi er glade i språket vårt, og det er greitt at vi diggar mannen vi minnest og viser vår takksemd til her i dag. Men må vi gjere det på 17. mai? Ja, visst må vi det!

17. mai handlar om mindretalsrettar. Alle vi som skriv og er glade i nynorsken, veit kor viktig det er. I dag feirar vi ei grunnlov som sikrar alle borgarane nokre grunnleggande rettar. Som ytringsfridomen. Som trusfridomen. Som retten til ikkje å bli fengsla utan lov og dom. I dag feirar vi ei grunnlov som sikrar at fleirtalet ikkje kan ta frå mindretalet desse rettane – berre fordi dei vil. Såleis feirar vi også mindretalet som tenkjer annleis enn den tilfredse majoriteten, eller som trur på ein annan Gud enn fleirtalet.

Språket vårt treng også beskyttelse. Nynorskbrukarar treng språklege rettar ­– nettopp fordi vi er i mindretal. Nynorsken treng mindretalsvern i eit demokrati der fleirtalet bestemmer. Difor er målrørsla viktig. Difor er målungdomar og studentmållag viktige. Difor skal vi vere glade for alle som brukar, vernar om og bryr seg om språket vårt. 
Fordi kampen for språket vårt må takast kvar dag. Kampen står i klasse- og lærarrom, på arbeidsplassar og på internett. 

Nynorsk er ikkje ein anakronisme. Nynorsk er moderne. Nynorsk er ikkje eit «gamaldags grautmål», slik mange får seg til å skrive på sitt danskklingande bokmål når de tøffar seg i VG sine kommentarfelt. Eg lurer på kva Ivar Aasen ville sagt om alle desse som tenkjer at «joda, VG sine kommentarfelt er ein arena der eg verkeleg kan bidra konstruktivt i det offentlege ordskiftet med mine såre anekdotar om korleis nynorsk øydelegg vitnemål over ein lav sko, og om korleis vi bør byte ut dette forferdelege faget med til dømes engelsk, lissom. Eller seriøst gjere det valfritt i det minste. Lissom.»

Nei, nynorsk er ikkje gamaldags. Det er eit moderne bruksspråk for hundretusenvis av nordmenn.

Nynorsk er ikkje berre fint i dikt. Nynorsk er for faen fint over alt. Det er fint på fjernsyn og på internett. Det er fint på Facebook og Twitter og Tinder og Instagram. Det er fint på melkekartongar og på skilt. Det er fint i sakprosa og i skjønnlitteratur. Det er fint på sms og facebook-chat. Det er fint i drikkeviser og i nekrologar, og på ulovleg oppført gatekunst òg for den slags skuld. Og ikkje minst er det fint i Grunnlova vi feirar i dag. 17. mai har vore ekstra stas dei siste to åra. I 1814 slutta vi å la oss styre av Danmark. I 2014 slutta vi å la oss styre på dansk. 6. mai for to år sidan fekk vi ?#‎nynorskgrunnlov. Ho er sjølv tufta på Graver og ho er vakker. Den dagen flaut Mozellen i gatene, mellom bakkar og berg og ut med havet.

Slik Grunnlova blei skriven av ein gjeng framsynte menn, forut for si tid, har vi no fått ho på språket til ein minst like framsynt mann. Det arbeidet Ivar Aasen la ned, kan vi vere evig takksame for. Og det er det all grunn til å feire på ein dag som denne. Vi har ikkje lenger berre ytringsfrihet. No har vi ytringsfridom. Og den hellige kongen har blitt heilag.

Vi kan takke Ivar Aasen for eit språk som, på mange måtar, gjer oss til dei vi er. Vi tenkjer på nynorsk. Både snille og mindre snille tankar. Dumme idear er litt mindre dumme når dei blir tenkte på nynorsk. Gode idear blir brått litt betre. Vi kan takke Ivar Aasen for språket vi brukar kvar dag. For at norsk litteratur er dobbelt så rik. Og så er det vår jobb å saman ta kampen for at alle skal få nøkkelen inn til begge dei norskspråklege universa.

Gjennom ord blir verda stor. Ver glad for orda, og bruk dei, for «ytringsfridom skal det vere». Gjer verda stor, slik Ivar Aasen utvida Noreg. Skål i Mozell eller anna deilig drykk. Takk Ivar Aasen. Gratulerer så mykje med dagen!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no