Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Søndagsskule i nynorsk!

 (26.05.2016)

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, held søndagsskule i nynorsk dagen før sidemålseksamen i vidaregåande skule. 

Det er Østfold Mållag og Østfold dialekt- og målungdom som skipar til søndagsskule fyrstkomande søndag. Dette er dagen før 3. klassingar ved vidaregåande skular over heile landet har avsluttande skriftleg eksamen i sidemål. 

Det er ikkje fyrste gong han arrangerer søndagsskule i nynorsk. – Sist deltok 28 elevar og ein hund på kurset, og ingen av dei strauk, fortel han. – Det skal seiast at hunden ikkje gjekk opp til eksamen.

Magne Aasbrenn arbeider i dag som lektor ved Frederik II videregående skole i Fredrikstad. Etter eksamen tek han permisjon frå stillinga for å bli leiar i Noregs Mållag på heiltid. 

Dersom du ikkje kan vere med på søndagdagsskule, men treng gode nynorsktips før eksamen, sjå innom http://malungdom.no/nynorskressursar/

Mållaget ynskjer alle lukke til!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no