Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fyrste Agder-kommune går for nynorsk i vaksenopplæringa

 (31.05.2016)

I førre veke gjorde kommunestyret i Valle kommune i Setesdal vedtak om at også dei vaksne innvandrarane skal få nynorsk opplæring. 

– Eg vil få gratulere Valle kommune med at dei er neste kommune i rekkja som går inn for å gi vaksne innvandrarar opplæring i nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Det vil styrkje integreringa deira i lokalmiljøet og gi dei gode kunnskapar i norsk - også om dei seinare skulle flytte til andre stader i landet.

– Eg registrerer for eksempel at i førebuingsheftet til eksamen i Norsk som andrespråk som blei delt ut til vidaregåandeelevar over heile landet i går, er det mange tekstar på nynorsk. Med nynorsk i opplæringa vil Valle-bebuarar med utanlandsk bakgrunn få eit ekstra godt grunnlag for skule og arbeid i Noreg, seier Magne Aasbrenn.

Saka vart drøfta då kommunestyret i Valle skulle vedta «Strategiplan. Busetting og oppfølging/integrering av flyktningar 2015–2019»

Med røystetalet 10 mot 5 røyster vart det eit klart fleirtal for å gå over til nynorsk. I strategiplanvedtaket  står det mellom anna: Målforma i opplæringa i norsk/samfunnsfag i introduksjonsprogrammet skal vere nynorsk. Når barn og foreldre har lik målform, vil foreldre lettare kunne bli involvert i barna sin skulekvardag. Likeins vil det å lære nynorsk kunne vere eit pre i høve flyktningane som må byrje eit nytt utdanningsløp i Noreg, både grunnskuleopplæring for vaksne – og seinare vidaregåande skule. Nynorsk er obligatorisk både i grunnskulen og på vidaregåande skule.

Valle kommune skal tilby introduksjonsprogram til dei som har rett og plikt til dette innan 3 månader etter busetjing i kommunen, - jf. introduksjonslova § 2.

Når Valle kommunestyre har gjort dette vedtaket, er dei dermed den 43. kommunen som har gjort vedtak om eller har gått over til nynorsk i opplæringa av dei vaksne innvandrarane. Og Valle kommune er fyrst ute med å gå over til nynorsk på Agder.

Etter at Noregs Mållag starta Kampanje for nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar: NyNorsk er det så langt seks kommunar som har gjort nynorskvedtak. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no