Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Firmadulting!

 (31.05.2016)

Ulike firma og organisasjonar treng ofte berre å bli dulta litt, for at dei skal skriva meir nynorsk. Enten om det handlar om appar, nettsider, tekst på matvareemballasje, nettsider og reklame.

Dei veit det nok, desse store og små aktørane me møter i kvardagen; at dialekt er meir populært enn det nokon gong har vore og at me er mange som helst vil ha tekstar på nynorsk. Kanskje er det nok å berre minna firma på det dei alt har tenkt sjølve; då treng me ikkje vera mange som spør. Men om me lyt verta endå tydelegare, kunne me då kanskje gått saman, kanskje på Facebook.

På eit ope medlemsmøte tysdag 31. mai 2016 kl. 18:00 – 20:00 vil mellom anna dette vere eitt av emna. Møtet vert i Bekkefaret bydelshus, grupperom 1, Hjalmar Johansens Gate 4 i Stavanger.  Sjå og Facebook-hendinga: Firmadulting

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no