Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget gir NTNU Gjøvik eksamensstryk

 (01.06.2016)

Noregs Mållag reagerer sterkt på at NTNU i Gjøvik har så dårlege rutinar på å lage eksamensoppgåver at dei presterer å produsere byggfag-eksamen på «tulle»-nynorsk. Saka vart kjent gjennom NRK Hordaland i går. 

Det er lett å mistenke at dette botnar i mangel på respekt for språket og for kandidatar som er i sin fulle rett til å krevje eksamen på nynorsk.

– No vil vi ha ei forklaring frå viserektor Jørn Wroldsen på at ein slik flause kan skje, og vi håpar at dei ansvarlege på NTNU på Gjøvik får ei skikkeleg oppstramming og at rutinane blir endra slik at eksamensoppgåvene til Ingeborg Steine Jensen og andre kandidatar blir skikkeleg språkvaska heretter, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I norsk høgare utdanning har kandidatar krav på å få velje målform, og på at oppgåvene språkleg sett ikkje er utforma på eit vis som forstyrrar konsentrasjonen rundt tema for sjølve eksamen. Dessverre er ikkje vi i Mållaget overraska over denne flausen – vi veit at dårleg språk florerer i lokalt produserte eksamensoppgåver.

Norsk Målungdom har dokumentert slike saker i mange år. Blant anna har masterstudent Jorunn Simonsen Thingnes funne bøyingsfeil i 94,7 prosent av eksamensoppgåvene som er gitt på nynorsk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo.

– Vi ber statsråd Torbjørn Røe Isaksen ta opp dette spørsmålet prinsipielt med universitetssystemet slik at kompetansen i nynorsk blir styrkt og kontrollrutinar innskjerpa, seier Aasbrenn.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no