Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slik kan lokallaga få att momspengane

 (02.06.2016)

– Å søkje om momskompensasjon er ein god mogelegheit for lokallag med lite pengar til å spe på inntektene sine, og det er ikkje vanskeleg! Om nokon lurar på korleis ein skal gå fram er det berre å ta kontakt, seier Per Henning Arntsen, økonomikonsulent i Noregs Mållag. 

Kva er momskompensasjon? Friviljuge organisasjonar kan søkje om å få kompensert meirverdiavgift (moms) dei har hatt vedkjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremje friviljug aktivitet. I 2015 fekk lag og foreiningar utbetalt til saman 1,22 milliardar kroner. I fjor var det 19 lokallag som søkte og fekk kompensasjon, og me håpar fleire vil søkje i år.

Korleis søkje? Noregs Mållag sentralt sender ein felles søknad for alle lokallaga til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Det einaste lokal- og fylkeslag må gjere, er å melde inn driftskostnadane, og leggje ved godkjend rekneskap. Det vil seie at rekneskapen må vere revidert av ein revisor eller annan oppnemnd tilsynsperson, signert og godkjend av årsmøtet. Noregs Mållag reknar ut søknadsummen.

Kva er grunnlaget for søknadssummen? Grunnlaget er årsrekneskapen for 2015. Søknadssummen er om lag 7 prosent av driftskostnadene. Det kan søkjast om kompensasjon for alle typar driftskostnader til dagleg drift. Dei lokallaga som til dømes har kjøpt bokpakker til barnehagar i sin kommune, kan ta med dette i sin søknad. Andre døme er trykking av blad, eller innkjøp av rekvisita/vinstar. Finanskostnader skal ikkje reknast med. Døme på finanskostnader er renter, purre- og saksgebyr. Ein må også trekkje i frå utgifter til bygg og anlegg som ikkje blir nytta til frivillig verksemd.

Kva er fristen? Fristen for å sende søknad til oss er 1. august. Utbetaling til lokallaga er i midten av desember.

Send til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo eller på e-post til per.arntsen@nm.no Har du spørsmål, kontakt økonomikonsulent Per Henning på telefon 23 00 29 34.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no