Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Røysting i Tysvær

 (07.06.2016)

I to skulekrinsar i Tysvær i Rogaland skal det vere skulemålsrøysing onsdag 15. juni. Synnøve Bredal Bjelland, leiar i Tysvær Mållag, Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, vonar på fleirtal for nynorsk. 

Måndag kveld inviterete Tysvær Mållag til debattmøte i kommunestyresalen om språk- og kulturutvikling, om språkpolitikk og korleis det muntlege og skriftlege språket definerer oss. Det var godt frammøte med kring førti tilstades. Både folkevalde, foreldre og mållagsfolk hadde ordet i ordskiftet. 

– Eg opplevde møtet som svært konstruktivt. Folk senka skuldrene og lytta. Kunnskap og bevisstgjering er avgjerande, seier Synnøve Bredal Bjelland, leiar i Tysvær Mållag. 

Dei to skulekrinsane som skal ha røysting er Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule. Grinde skule er ein barneskule med med 117 bokmålselevar og 93 nynorskelevar frå 1.–7. klasse. I dei to siste årskulla har det berre vore to nynorskelevar, medan det åra før har vore jamt fordelt mellom bokmål og nynorsk. I 7. klasse er det derimot berre nynorskelevar.

Tysværvåg barne- og ungdomsskule har 190 bokmålselevar og 92 nynorskelevar frå 1.–10. klasse. Det er ei overvekt av bokmål i dei lægste klassene, medan det i ungdomsskulen er ei lita overvekt av nynorskelevar.

Tysvær kommune er ein språknøytral kommune. Når ein ser skulane under eitt er det overvekt av bokmål. I dette skuleåret er det 1109 bokmålselevar og 532 nynorskelevar i barne- og ungdomsskulen.

Tysvær Mållag er eit nyleg oppattskipa lokallag. Følg gjerne Tysvær Mållag på Facebook. I fjor fekk dei heile ti nye medlemer og hadde 32 medlemer ved årsskiftet. Nye medlemer kjem framleis til. Berre i juni er det komne fem nye!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no