Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norskopplæringa i Sogndal har fått målpris frå Luster Mållag

 (11.06.2016)

Norskopplæringa i Sogndal driv òg norskopplæringa av vaksne framandspråklege i Luster. 

– Dei har gjort ein strålande jobb for nynorsken etter omlegginga for nokre år sidan. Det er ei stor glede for Luster Mållag å gje dei Målprisen 2016, seier Oddmund Hoel, leiar i Luster Mållag. I dag var det utdeling av målprisen i høve Lustramarknaden. 

Jury for prisen er styret i Luster mållag. Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.

 

Dette vart sagt i pristala: Målprisen for 2016 går til Norskopplæringa i Sogndal.

Dette er opplæringstenesta som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar i Luster. Det vanlege i mange nynorskkommunar har vore at dei vaksne har lært bokmål sjølv om borna deira har lært nynorsk i skulen. Dei siste åra har eit stort nasjonalt arbeid med Noregs Mållag i spissen fått mange titals nynorskkommunar til å leggja om til nynorsk. Det er rett og rimeleg og ikkje verdt ein målpris i seg sjølv, men somme kommunar har vore viktigare enn andre i denne omlegginga.

For nokre år sidan vedtok Luster kommune å leggja om til nynorsk, og den felles norskopplæringstenesta for Sogndal og Luster heiv seg rundt. På kort tid gjorde dei den store jobben som ei slik omlegging er for eit stort opplæringssenter, og det har dei gjort på ein måte som har vekt nasjonal merksemd. For eit par veker sidan vart det nye læreverket NorskPluss B2 presentert nettopp i Sogndal. Det er eit læreverk i norsk for framandspråklege på det aller høgaste nivået som lenge har mangla på nynorsk. Norskopplæringstenesta vår har vore heilt sentral i utarbeidinga av verket.

Norskopplæringstenesta har òg stilt opp for å argumentera for at vaksne innvandrarar i nynorskområdet bør få opplæring på nynorsk – eit syn som faktisk er omstridd i ein del nynorskkommunar. – Dei flytter jo sikkert til ein bokmålsby i alle høve, seier somme. Det har ikkje vore utgangspunktet for norskopplæringstenesta vår. Dei som kjem hit, skal ynskjast velkomen og lærast opp i språket som dominerer her. Fyrst og fremst er det snakk om vanleg folkeskikk, men innvandringa er òg viktig for folketalsutviklinga i heile Distrikts-Noreg som me høyrer til. Nynorsk er skriftmålet som samsvarar med den dialekten dei høyrer dagleg, og ikkje minst: Det er språket borna deira lærer på skulen og gjer leksene sine på heime, og det er det språket alle meldingar frå skule, kommune og andre offentlege etatar er skrive på.

Til lukke med Målprisen 2016!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no