Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dette vil Mållaget ha inn i valkampen 2017

Foto: Anders Veberg

(Bilete: Anders Veberg / framtida.no) 

Styret i Noregs Mållag har utforma fem framlegg til ein offensiv språkpolitikk.

Fem framlegg til ein offensiv språkpolitikk for nynorsk

I Noreg har vi ein mangfaldig skriftkultur med nynorsk og bokmål, og eit stort hjarterom for dialektbruk. Språksituasjonen vår gjev innsikt i norsk kultur- og språkhistorie. Nynorsken treng særskilt vern og støtte fordi bokmålet dominerer på dei fleste samfunnsområde.

1. Eit løft for sidemålsordninga. Norskfaget er det viktigaste faget i skulen, og å meistre språket er ein grunnleggjande dugleik som ligg til grunn for læring i alle andre fag. Norskfaget har òg ein viktig funksjon i å gje alle norske born eit felles språkleg utgangspunkt. Obligatorisk skriftleg opplæring i begge skriftspråk på ungdomsskulen og vidaregåande skule er viktig. Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast, både på ungdomsskulen og i studieførebuande vidaregåande opplæring. Vurderinga i vidaregåande må vere gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen. Eksamen i sidemål og hovudmål skal gjennomførast samstundes i Vg3 og med same krav, men på to ulike dagar.

Sidemålsopplæringa for dei med bokmål som hovudmål treng eit lyft: å bli betre og meir spennande. Skular der hovudmålet er bokmål, bør nytte sidemål i andre fag enn norskfaget som eit verkemiddel for at elevane skal meistre både bokmål og nynorsk. Elevane med nynorsk som hovudmål møter så mykje bokmål i dagleglivet at dei ikkje har det same behovet for mengdetrening i sidemålet, men treng å få styrkt hovudmålsopplæringa si.

2. Nynorsk for vaksne innvandrarar. Det er viktig at vaksne innvandrarar i nynorskområde kan få norskopplæringa på nynorsk. Det må setjast av nok økonomisk støtte til utvikling av nynorske læremiddel slik at tilbodet kan kome opp på eit godt nok fagleg nivå. Noregs Mållag krev at Stortinget lovfester at lærebøker og læremiddel for vaksne innvandrarar kjem ut på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.

3. Tiltak for nynorskelevar – språkdeling i ungdomskulen. For at nynorskelevane skal bli trygge språkbrukarar og gjere det lettare å halde på nynorsk gjennom heile skulegangen, er det viktig at desse elevane får halde fram i eiga nynorskklasse i ungdomsskulen, har god tilgang på læremiddel og språkleg sikre lærarar. I språkblanda område må kommunane kunne søkje og få skjønsmidlar til parallellklasser for å tilby språkdelte klasser i ungdomsskulen.

4. Nynorsk i barnehagane. Alle born over heile landet skal få eit positivt møte med nynorsk i barnehagen gjennom barnebøker, songar, rim og regler. Det gjev eit rikare språkmangfald og er i tråd med norsk språkpolitikk. For å sikre ein god overgang frå barnehage til skule i nynorskområde må borna få nynorsk språkstimulering i desse barnehagane.

5. Nynorsk i lærarutdanninga. Lærarane sine norskkunnskapar er avgjerande for god norskundervisning i skulen. Dei ulike lærar- og lektorutdanningane må leggje til rette for og sikre at framtidige lærarar har god nok kompetanse i nynorsk og bokmål. God kompetanse i nynorsk og bokmål er også eit avgjerande krav for lærarar som ikkje skal undervise i norsk, fordi språklæring skjer i alle timar og i alle fag. Alle lærarar må få tilbod om kurs og etterutdanning i nynorsk. Ein eller fleire lærestader med lærarutdanning må få eit nasjonalt ansvar for å utvikle nynorsk didaktikk for hovudmåls- og sidemålselevar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no