Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bystyret i Bergen ber om fleire sakspapir på nynorsk

 (15.06.2016)

I dag drøfta Bystyret i Bergen interpellasjon frå Njaal Neckelmann (V) om mål om mål i forvaltninga av Bergen kommune. Det var brei semje om framlegget og det enda opp med at det var berre Høgre og FrP som røysta i mot. 

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) var tydeleg på at dei er klar for å ta nynorskansvar både for å sikre mangfaldet og fridomen for innbyggjarane, og avslutta sitt innlegg med å sitere Ivar Aasen. 

Eiler Macody Lund (FrP) tok ordet og meinte at det ikkje var rett at bergensarane skulle tvingast inn i eit nynorsk språk. Han forsikra at han ikkje hadde noko i mot nynorsk. Men ville ikkje stave seg gjennom enkeltsaker på nynorsk. Og la til at han var glad Oddny Miljeteig ikkje var på møtet, for då kunne det blitt harde diskusjonar i gangane. 

Ole Sverre Bjørdal (Sp) minna om at Bystyret vedtok for elleve år sidan at dei ville opne opp for meir nynorsk i administrasjonen, og at det framleis ikkje hadde gjeve mange resultat. Han håpa på at resultata ville kome denne gongen. 

Dette er interplasjonen fremja av Njaal Neckelmann (V) om mål om mål i forvaltninga av Bergen kommune:

«I byrådet si politiske plattform blir det slått fast at dersom Bergen skal vere ein «inkluderende by for hele Vestlandet, må byen også ta et språklig og kulturelt ansvar». Vidare skriv byrådspartia Arbeidarpartiet, KrF og mitt eige Venstre at språkleg mangfald og fridom må leggast til grunn for byrådets politikk, og at nynorsk er viktig for vestlendingane sin identitet.

Bergensarar er i aller høgaste grad vestlendingar. Den politiske plattforma er også tydeleg på at det er eit overordna språkpolitisk mål at elevane i Bergensskulen har kunnskap om og kompetanse i både bokmål og nynorsk. Seinast i januar i år viste byrådet vilje til å betre handsaminga av nynorskelevar i ungdomsskulen. Dette er svært gledeleg. I intensjonsavtalen mellom kommunane Samnanger, Vaksdal, Osterøy og Bergen, er det også lagt opp til at bydelar sjølv kan velje administrasjonsmål. Alt ligg til rette for ein nynorskbydel i aust, men i Bergen skal begge målformene sikrast gode kår, uansett.

Mykje tyder på at bergenserane tek språkpolitisk ansvar. Nyleg har Det juridiske fakultet ved UiB og Haukeland Universitetssjukehus vunne målprisar. Den nye vestlandshøgskulen skal ha nynorsk som hovudmål. Men også dei kommunale institusjonane i byen vår bør ta ansvar for å ivareta og styrke både bokmålet og nynorsken. Som språknøytral kommune er det viktig at begge målformene blir nytta i offentleg informasjon, i skilting, i politiske saker og i Bergen kommune sin kommunikasjon med publikum. Slik kan det offentlege vere eit godt språkleg førebilete, bidra til at bergensarane blir eksponert for begge målformene. Det vil vere i tråd med ambisjonane i den politiske plattforma som byrådet styrer etter.

Fleire byar har til liks med Bergen leika med tanken om å bli Vestlandets nynorskhovudstad. Det er ein konkurranse med berre vinnarar. Vi kan kanskje ikkje vedta det sjølve, men vi bør gjere oss fortent til tittelen gjennom ein aktiv språkpolitikk, som fremjer språkleg mangfald og fridom for både bergensere, og bergensarar. Spørsmål: Korleis ser byrådsleiaren føre seg at Bergen kommune kan ta sitt språklege ansvar som Vestlandets hovudstad, og er han einig i at det offentlege må gå føre i kampen for språkleg mangfald, toleranse og fridom?

Og dette vedtaket fekk framlegg: 

1. Bystyret ber byrådet legge fram ei sak som viser korleis kommunen gjennom ein aktiv språkpolitikk kan bidra til at Bergen tar sitt språklege ansvar som Vestlandets nynorskhovudstad.

2. Ein slik sak bør inkludere - ei vurdering av nynorsken sine kår i bergensskulen og byen forøvrig. - ein strategi for korleis Bergen kommune skal nytte meir nynorsk i forvaltninga, i offentleg informasjon, og i utadretta kommunikasjon med publikum. - retningsliner som sikrar at ein viss prosentdel av dei politiske sakene som blir levert til bystyret sine organ har saksutgreiingar som er skrivne på nynorsk.

3. Saka skal leggast fram for bystyret innan sommaren 2017.»

I tillegg vart denne teksten, fremja av Høgre, vedteken: 

Bergens språk/dialekt benytter seg historisk sett bare av to kjønn og er uten a-endinger. Dette er en viktig del av bergensernes identitet, og må tas hensyn til i det vidare arbeidet. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no