Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

No vil sentrale politikarar stogge nynorsklekkasjen

 (17.06.2016)

Fredag 17. juni fremjar Kjersti Toppe (Sp) på vegne av seg sjølv og stortingsrepresentantane Magne Rommetveit (Ap), Terje Breivik (V), Geir Toskedal (KrF) , Audun Lysbakken (SV) og Liv Signe Navarsete (Sp) forslag om å sikre alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt.

Representantforslaget, som alle har underteikna, kjem til behandling i Stortinget  til hausten. Det har som mål å sikre nynorskelevar opplæring på eiga målform. I dag er elevane i grunnskulen berre sikra retten til opplæring på eige språk dei fyrste sju åra av den 13-årige skulegangen.

I Opplæringslovas § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Denne retten gjeld ikkje for elevar på 8-10 årstrinn.

I språkblanda område kjem oftast nynorskelevane i mindretal. På ungdomsskulen går mange nynorskelevar dermed i grupper der opplæringa skjer på bokmål. Mange lærarar på språkdelte ungdomsskular brukar berre bokmål som undervisningsspråk.

Forslagsstillarane meiner derfor det må utgreiast å endra opplæringslova og andre tiltak som kan sikra  elevar i heile grunnskulen  rett på opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyre til ei eiga målformgruppe. Det er viktig at elevar som har hatt opplæring på nynorsk i barneskulen, får halde fram med dette i ungdomsskulen.

Forslaget som blir sett fram er:

Stortinget ber regjeringa utreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å høyra til ei eiga målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

- Vi har god tru på at dette forslaget vil verte godt motteke i Stortinget. Stortinget har også tidlegare vore oppteken av å sidestille ungdomsskulen med barneskulen når det gjeld retten til opplæring på eige språk, seier forslagsstillarane.

-  At elevar i ungdomskulen ikkje får opplæring på si målform, kan bidra til at fleire elevar skiftar til den mest nytta språkforma. Det er kjent at overgang barneskule - ungdomsskule er ein overgang der det ofte skjer eit språkskifte, frå nynorsk til bokmål. Derfor trengs det nye tiltak for å hindre språkskifte i skulen, uttalar forslagsstillarane.

Forslagstillarane representerer tre av Vestlandsfylka; Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane og Magne Rommetveit er også leiar av Løvebakken mållag.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no