Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dette framlegget gjer det lettare å vere nynorskelev

 (17.06.2016)

Nøgd: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Framlegget frå stortingsrepresentantane er eit framifrå tiltak for å styrkje vilkåra for nynorskelevar i ungdomsskulen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Stortingsrepresentantar frå V, KrF, SV, SP og AP har lagt fram eit framlegg om å styrkje vilkåra for nynorskelevar i ungdomsskulen. Særleg i språkblanda område er det tilfeldig om nynorskelevar får opplæring i hovudmålet sitt. I Odda har dei sikra nynorskelevane sine rettar ved å ha eigne nynorsk- og bokmålsklassar også i ungdomsskulen. I dag har elevane på ungdomsskulen ingen rettar utover å velje hovudmål og språket i lærebøkene. Dermed vert det tilfeldig kva vilkår nynorskelevane får.

– Det kan føre til tiltak som gjer det lettare å vera nynorskelev i ungdomsskulen. Det kan føre til meir kunnskap om korleis praksis er i ungdomsskulen. Det kan føre til forsking om korleis undervisninga i dag påverkar nynorskelevane sine haldningar til sitt eige språk og det kan føre til at terskelen for å byte frå nynorsk til bokmål vert heva. Den såkalla Odda-modellen er eit flott døme på at det er mogleg å sikre rettane til nynorskelevar, seier Aasbrenn.

– Noregs Mållag er glad for at stadig fleire erkjenner at Noreg har ein tospråkleg skriftkultur. Det gamle språkpolitiske regimet som hevda at ein stat ikkje har plass til fleire språk, er daudt. No gjeld det å finne tiltak som styrkjer voksteren for nynorsk og bokmål i Noreg. Framlegget frå stortingsrepresentantane er eit veldig bra tilskot i dette arbeidet, seier Aasbrenn.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no