Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eid kommune seier ja til nynorsk

 (27.06.2016)

I kommunestyret i Eid blei det førre onsdag vedteke at språket i vaksenopplæringa skal vere nynorsk. Vedtaket blei fatta samrøystes. Eid har i dag nynorsk i opplæringa, men ikkje hatt vedtak om dette i kommunestyret. 

– Vi utdannar innvandrarane våre med tanke på at dei skal ha framtida si i Eid, ikkje med tanke på at dei skal flytte herifrå, skriv Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid kommune i saksutgreiinga.

Bakgrunnen for vedtaket er at Noregs Mållag hausten 2015 sette i gang kampanjen NyNorsk, for å få fleire kommunar til å skifte til nynorsk opplæringsspråk i vaksenopplæringa. Ordførar Alfred Bjørlo bad administrasjonen fremje ei sak med sikte på å gjere formelt vedtak om nynorsk opplæringsspråk i vaksenopplæringa i Eid kommune.

– Eid kommune har gode erfaringar med nynorsk i vaksenopplæringa. Dei læremidla som finst på nynorsk i dag er meir enn gode nok til å gje ei fullgod norskopplæring. Det gjeld tekstbøker, ordbøker, lydbøker og digitale læremiddel, skriv Åslaug Krogsæter. 

– For innvandrarane kan bokmålsopplæring vere ei hindring i å ta skikkeleg del i lokalsamfunnet. Nynorsken er ein fellesnemnar for alle dei norske dialektane, og har såleis ein nærleik til talemåla våre som bokmålet ikkje har. Om ein gjev vaksenopplæring på nynorsk, vert det lettare for innvandrarane å forstå den lokale dialekten. Det vert også lettare å kome i kontakt med folk og knyte band til staden dei bur på.

– Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Lærer foreldra det same språket som borna lærer i skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen.

Kva språk dei vaksne innvandrarane skal lære vert vedteke lokalt. Eid kommune har nynorsk som offisielt skriftspråk, og nynorsk har også vore nytta i vaksenopplæringa i mange år, utan at det har vore gjort formelt vedtak om det. Det har synt seg at mange vaksenopplæringar nyttar bokmål i opplæringa, sjølv når nynorsk er offisielt skriftspråk.

Til lukke med vedtaket, Eid!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no