Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endeleg kan mobilen forstå nynorsk

 (17.07.2016)

Lenge har dei som har skrive tekstmeldingar på nynorsk irritert seg over at mobiltelefonen automatisk rettar språket til bokmål. Men snart kan du skrive «eg», «attende» og «kjærleik» utan problem.

Den 21. juli vert mobiltastaturet SwiftKey tilgjengeleg på nynorsk og du kan sjekke betaversjonen her. Der ordlister på mobiltastatur tidlegare har måtta lærast opp til å akseptere nynorsk, kan no mobilen i staden rette til korrekt nynorsk.

– Dette er veldig gode nyhende, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Mobiltelefonar og nettbrett er arenaen der folk brukar skriftspråket sitt. At ordlista på tastaturet også vert tilbydd på nynorsk burde vore sjølvsagt, men slik er det altså ikkje, seier Aasbrenn.

Når no Swiftkey går føre, vonar leiar Magne Aasbrenn at fleire vil følgje etter.

– Eg brukar iphone sjølv, og har lenge ynskt meg at Apple skal tilby nynorsk ordliste på mobil og nettbrett. Eg håpar at dette kan gjere utslaget, seier han.

SwiftKey er ei gratis programvare tilgjengeleg for nedlasting i Google play store. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda. SwiftKey er eit språkbasert selskap med hovudsete i London og er opptekne av å fremje alle språk, inkludert små språk som nynorsk.

– Vi veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ynskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda, seier dei i ei pressemelding.

Førebels ligg programmet berre føre for androidtelefonar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no