Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av stadnamntilskott

 (15.08.2016)

Språkrådet lyser ut 1 000 000 kroner i tilskott til innsamling og registrering av stadnamn.

Både private, kommunale og fylkeskommunale aktørar kan søkje. Språkrådet skriv sjølv at dei vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet. Det kan difor vere eit godt høve for lokale mållag å søkje midlar. Søknadsfristen er 15. oktober 2016.

I statsbudsjettet for 2016 er det sett av 1 000 000 kroner til ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn (kapittel 326 post 78). Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Les meir hjå Språkrådet og skriv søknad: http://www.sprakradet.no/Sprakarbeid/Stedsnavn/tilskuddsordning-for-innsamling-av-stedsnavn/ 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no