Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slå ring om norsk språk i norsk skole

 (16.08.2016)

Denne hausten blir ein barriere broten i norsk offentleg skole. Utdanningsdirektoratet har sagt ja ein søknad frå Manglerud skole i Oslo. Frå skolestart skal all undervisning for 80 elevar i 1.- 4. klasse vere på engelsk, melder NRK Østlandssendinga

– Om denne utviklinga grip om seg, vil det føre til ei alvorleg svekking av bruken av norsk språk i norsk skole, og det vil styrke ei utvikling som går i retning av at engelsk blir det einaste brukte språket i norsk undervisnings- og arbeidsliv, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– I ytste konsekvens står det her om framtida til norsk språk i Noreg, både bokmål og nynorsk. Den norske offentlege skolen kan ikkje vere ein skanse som gir etter og tildeler norsk språk ein andrerangs posisjon i Noreg.

– Noregs Mållag håpar at denne forsøksordninga ikkje blir utvida til andre offentlege skolar før noverande prosjekt er evaluert etter utgangen av 2020, seier Magne Aasbrenn.

Undervisningsopplegget på Manglerud skole vil følgje systemet som blir følgt på Oslo International School og 18 andre private grunnskular.

– For Mållaget er det vanskeleg å forstå at i ei tid da mange meiner norske elevar er urovekkande dårlege i norsk, så opnar Utdanningsdirektoratet for ein skole der elevane skal ha undervisning på eit anna språk enn på det offisielle språket i landet vårt, seier Magne Aasbrenn.

– Den pedagogiske tanken bak forsøket skjønner vi, legg han til.

– Den handlar om at om elevane får undervisning i til dømes i KRL, matematikk og samfunnsfag på engelsk, så lærer dei meir engelsk av det. Det er sikkert korrekt – men samtidig er det slik at desse elevane får mindre indirekte læring av norsk i skolen. Når dei går vidare i utdanningsløpet, har dei ikkje fått lært norsk terminologi i desse faga.

Engelsk er viktig å kunne, men det er allereie slik at utlendingar synest at nordmenn er utruleg gode i engelsk. I ungdomsgruppene pressar engelsken seg fram uansett. Det som det ofte skortar på, er kunnskapar om eige språk og eigen kultur.

Noregs Mållag har lenge sagt at bruk av nynorsk i andre fag enn norsk på eit tidleg stadium i barneskolen vil lette læringa for elevar som skal ha nynorsk sidemål seinare. Ein slik strategi vil gjere dei tryggare på begge dei to norske målformene og svekke fordommane mot nynorsk.

– Språket ein underviser i på skolen viser kva prioriteringar eit samfunn gjer når det gjeld framtida og overlevingsevna til eigen kultur, påpeikar Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no