Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny rådgjevar i Mållaget

 (17.08.2016)

Denne veka byrja Marit Aakre Tennø i ei nyoppretta stilling som rådgjevar i Noregs Mållag. Ho er tilsett i prosjektstilling i 80 % til midten av april 2018.

– Styret i Noregs Mållag har vedteke å utvide staben på skrivarstova med ein politisk rådgjevar. Det er mange viktige arbeidsfelt Mållaget følgjer med på, og det har lenge vore trong for å styrkje kapasiteten til å fordjupe oss og drive utgreiingsarbeid for styret i viktige politiske saker, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Saksfelta Marit Aakre Tennø vil arbeide med, vil variere gjennom perioden, men hovudvekta i arbeidet skal vere saksutgreiingar, høyringsnotat og lobbyarbeid. Denne veka byrja ho med å skrive eit framlegg til høyringsutkast som skal sendast til Kulturdepartementet om praktiseringa av endringane av stadnamnlova.

Marit gjekk av som leiar i Noregs Mållag i april 2016 og då var det Magne Aasbrenn som tok over den stafettpinnen. Ho har tidlegare hatt fleire ulike prosjektmedarbeidarstillingar for Mållaget.

– Eg tykkjer det er kjekt å få halde fram med å bidra til ein betre språkpolitikk, seier Marit Aakre Tennø, som skal ha kontor i Jostedalen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no