Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om ny forskrift til stadnamnlova

 (24.08.2016)

Noregs Mållag meiner framlegget til forskrift går for langt i å svekkja norsk forvalting av den felles kulturarven som stadnamna våre er, og den offisielle normeringa av dei som vernetiltak.

I april 2015 kom regjeringa med framlegg om å endre stadnamnlova slik at grunneigar får rett til å fastsetje skrivemåte på eigen eigedom. Desse endringane  vart vedtekne av Stortinget 19. juni 2015 gjer departementet no framlegg om å revidera forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn. Forskrifta er gjeven med heimel i stadnamnlova § 13 og gjev utfyllande reglar til stadnamnlova.

Noregs Mållag har desse kommentarane til revisjonen av forskrifta:

1. I § 4 i Stadnamnlova står der: «Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk».

Noregs Mållag oppfattar formuleringa i forskrifta § 1: «Skrivemåten av stadnamn kan fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp dersom skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd» som ei ytterlegare svekking av normering etter gjeldande rettskrivingsprinsipp og føreslår ho stroken.

Stadnamna vår er verneverdige kulturminne, slik det også er uttrykt i førearbeida til lova. Det som gjer stadnamna særleg verneverdige, er dei nedervde lokale uttaleformene som er siste lekken i ein ubroten samanheng attende til den tida namna voks fram. Skrifttradisjonen er i så måte oftast mykje meir tilfeldig. Særleg er skriftformer frå 16-, 17- og (tidleg) 1800-tal tvilsame, og kan ikkje tilleggjast på langt nær same kulturelle verdi som dei nedervde, lokale uttaleformene.

For å halda oppe kulturminneverdien i stadnamntilfanget vårt er det difor viktig å få fastsett skrivemåtar som byggjer direkte på nedervd lokal uttale, opphav og gjeldande moderne rettskriving. Den munnlege traderinga mellom generasjonane er svekt i vår tid, og namna blir i stadig sterkare grad lært etter skrifta, frå kart, skilt og andre kjelder. Dei skriftformene som blir fastsette til offentleg bruk, vil dermed bli grunnlaget også for dei munnlege formene som vil leva i framtida. Dette er eit område der vi faktisk har stor sjanse til å lukkast i å styra språkutviklinga i den leia vi ønskjer.

2. I framlegget til revisjon av forskrifta føreslår departementet å ta ut av forskrifta den særskilde rettleiingsdelen som mellom anna inneheld detaljerte språklege føringar for fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. «Slike detaljerte språklege føringar skal ikkje oppfattast som påbod/forbod og bør derfor ikkje fastsetjast i forskrifts form», skriv departementet.

Noregs Mållag finn det urovekkjande om departementet her meiner at gjeldande rettskrivingsprinsipp er uheldig fordi det kan oppfattast som påbod/forbod. Rettskriving og språkrøkt er i siste instans forbod og påbod, slik forvaltar me og andre språka våre.

Statusen til den språklege rettleiinga har vore uklar, og det er viktig at statusen hennar ikkje vert svekt og at arbeidet til dei som skal gjera vedtak i språksaker, vert så klårt som mogeleg. Rettskrivinga av stadnamn kan ikkje vera opp til dei personlege meiningane til konsulentane eller til kommunale byråkratar. Dei må òg i framtida handsamast som rettskrivingsobjekt, kulturarv og felleseige styrt av demokratiske prinsipp.

3. I § 8 er ordet tilråding bytt ut med ordet vurdering. Konsulenttenesta skal ikkje lenger koma med ei tilråding basert på fagkunnskapane sine, men berre ei vurdering.

Noregs Mållag les dette som ei nedvurdering av den kunnskapen om talt språk og skriftleg språk som konsulenttenesta sit på, og det arbeidet dei gjer for kulturarven vår. Vi fryktar at det er ei svekking av fagkunna i forvaltinga av kulturarven vår.

4. § 14 er føreslege stroken. Noregs Mållag vil peika at lokalkunne er viktig for stadnamntenesta og at nærleik til områda ein skal gje råd i, vil auka legitimiteten dei råda har.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no