Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Korttenkt om språk frå Høgre

 (24.08.2016)

– Ifølgje Aftenposten vil Høgre i sitt framlegg til nytt program fjerne nynorskkompetanse frå 85 prosent av elevane i norsk skule. Dette kan ikkje Høgre meine alvorleg, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.  

– I praksis, og på sikt, tyder det å rive vekk nynorskkunna frå majoriteten av folket, seier han. Korleis ein vil kompensere for dette, ser det ikkje ut til at Høgre har eit svar på.

Programkomiteen i Høgre ønskjer å avskaffe sidemålsundervisning i norsk skule. Dei føreslår denne formueringa i det nye framlegget til program: «Avskaffe obligatorisk skriftlig sidemålsundervisning, men sikre tekster og kompetansemål på begge målformer i undervisningen».

Grunngjevinga for sidemålsopplæringa er todelt:

– Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Der har dei same grunngjeving som her: ein skal ta vare på rettane til mindretalsspråkbrukarane. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.

– I Noreg har me to jamstelte norske språk som ein kan velje fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge. Nynorsk og bokmål er to ulike språk, med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag, seier Magne Aasbrenn.

– Får Høgre det som partiet vil, vil det vere ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, og heilt utan at Høgre ser ut til å ha tenkt på korleis ein vil kompensere for eit så stort tap av nynorskkunne i ålmenta. Korleis ser dei for seg at kommunar og stat skal kunne skaffe viktig nynorskkompetanse og ikkje minst lærarkompetanse? undrar Aasbrenn.

– Framlegget verkar mest som korttenkt populisme, avsluttar Magne Aasbrenn. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no