Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Spennande møtedagar i Odda

 (26.08.2016)

Både stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, skal til Odda på måndag 29. og tysdag 30. august. Språkdelt ungdomsskule står sentralt når Odda Mållag inviterer til eit omfattande møteprogram. 

Måndag 29. august: 

17.45: Møte med den utvida språkdelingsgruppa om framtida til Oddamodellen.

Møtestad er Odda rådhus og ordførar Roald Aga Haug innleiar.

19.00: Ope møte i Ungdomshallen. Arrangørar: Odda kommune og Odda Mållag

Møteleiar: Ordførar Roald Aga Haug

På saklista:

Oddamodellen som nasjonal ordning og lokal framtid.

Det føreligg eit Dokument 8-framlegg i Stortinget om endring av  Opplæringslova § 2- 5. Innleiing av Terje Kollbotn: Kvar står vi, kvar går vi?

Nynorsk for vaksne innvandrarar. Innleiing : Ein lærar på vaksenopplæringa – håpar me.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) og fylkestingsrepresentant Terje Kollbotn (R) vert med på begge møta. Alle partia i Hordaland er inviterte til å delta på møta 29. og 30.08.

Tysdag 30. august:

09.00: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant, møter rådmannen i Odda Ole Jørgen Jondahl, fungerande oppvekstsjef i Odda Jon Olav Stadheim. Stadheim er og rektor på vaksenopplæringa i Odda. Truleg vert ordførar Roald Aga Haug med på møtet. Andre saker enn språkdelinga vert og tekne opp på møtet.

10.00: Aasbrenn, Torpe og Kollbotn med fleire  har møte med styret i Sørfjorden Målungdom og eleven Salma Yousef Ahmed. Salam går andre året på program for studiespesialisering (allmennfagleg studieretning). Ho kjem frå Sudan, bur på Lofthus og er småbarnsmor. I styret i Sørfjorden Målungdom sit Liva Thiis, Eirun Flaten Sandvin og Eivind Øyre Trones.

11.00: Aasbrenn, Torpe og Kollbotn med fleire møter administrasjonen på Odda ungdomskole.

11.45: Aasbrenn, Torpe og Kollbotn med fleire har møte med administrasjonen på Odda vidaregåande skule. Leiaren i Odda Mållag Knut O. Dale deltek på dette møtet.

Alle møta er eit samarbeid mellom Odda kommune og Odda Mållag

14.00: Aasbrenn har møte med LO i Indre Hardanger på LO-kontoret i Odda.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no