Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Senterpartiet tek nynorsk på alvor

 (30.08.2016)

– Det er gledeleg at Senterpartiet nemner språkdelte klasser i sitt utkast til program, meiner Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Etter å ha lese programutkastet frå Senterpartiet meiner han partiet tek språkpolitikken på alvor.  

Senterpartiet strekar under at nynorsk og bokmål er jamstelte målformer i Noreg og meiner det må ein særskild innsats til for å styrke det nynorske skriftmålet. Dei slår vidare fast at det framleis skal vere opplæring på båe målformer både på ungdomstrinnet og på vidaregåande, og at det framleis skal vere karakter i både nynorsk og bokmål.

– Det er òg bra at dei vil setje av tilstrekkeleg med midlar til utvikling av nynorske læremiddel, men me skulle ynskje dei hadde slengt på ei formulering om nynorske læremiddel særskild for vaksne innvandrarar, seier Magne Aasbrenn.

Senterpartiet vil auke tilskotet til kommunar som har store utgifter til språkdeling og føreslår to alternativ til vidare politikk:  «Alternativ A: I språkblandede områder må kommunene kunne søke om å få skjønnsmidler til språkdelte parallellklasser. Alternativ B: Senterpartiet vil endre opplæringsloven slik at også ungdomsskoleelever får rett til å tilhøre egen målformklasse og få undervisning i alle fag på sitt eget hovedmål.»

Noregs Mållag stør tiltak som er til gagn for samisk språk og kultur. Det er likevel uklart kva Senterpartiet meiner med desse setningane: "Følge opp handlingsplanen for samiske språk og stortingsmeldingen om samepolitikken. Samisk språkopplæring i skoler og barnehager må styrkes og elever i samiske områder må kunne velge å lære samisk i stedet for sidemål." Alt i dag kan elevar velje samisk læreplan, der skriftleg sidemålsundervisning utgår.

– Dermed ønskjer vi svar på om dette eventuelt skal omfatte nye elevgrupper utan samisk læreplan. Vi håpar Sp vil presisere framlegget sitt i det vidare arbeidet med programmet, seier Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag sende før sommaren ut ei ynskjeliste til programarbeidet i partia.

– Frå vår ynskjeliste saknar eg ein meir heilskapleg språkpolitikk som femnar heile løpet inkludert barnehage  og lærarutdanning, der det må betre politikk til, seier Magne Aasbrenn. 

Han fortel at Noregs Mållag vil følgje opp programmet til Senterpartiet, og vil mellom anna invitere til eit møte for å fortelje korleis Senterpartiet kan få ein endå betre skulepolitikk for både nynorsk- og bokmålselevar.

Slik er formuleringane i framlegget til program frå Senterpartiet

Nynorsk og bokmål er likestilte målformer i Norge. Senterpartiet mener at begge skrifttradisjonene skal dyrkes og sikres. Dette krever en særskilt innsats for å styrke det nynorske skriftmålet. På ungdomstrinnet og i den videregående skolen skal det være obligatorisk opplæring i begge målformer med karakter/eksamen i både nynorsk og bokmål. Yrkesfagene skal fortsatt unntas. Det må settes av tilstrekkelige midler til utviklingen av nynorske læremidler. Senterpartiet vil gi økte tilskudd til kommuner som har store utgifter som følge av regelen om språkdeling.

Alternativ A: I språkblandede områder må kommunene kunne søke om å få skjønnsmidler til språkdelte parallellklasser. Alternativ B: Senterpartiet vil endre opplæringsloven slik at også ungdomsskoleelever får rett til å tilhøre egen målformklasse og få undervisning i alle fag på sitt eget hovedmål.

– Følge opp handlingsplanen for samiske språk og stortingsmeldingen om samepolitikken. Samisk språkopplæring i skoler og barnehager må styrkes og elever i samiske områder må kunne velge å lære samisk i stedet for sidemål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no