Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Flotte dagar i Lom

 (06.09.2016)

I helga var det mange målfolk som fekk med seg flotte Diktardagar og haustseminaret til Noregs Mållag. 

I år var det gjort ein ny vri fordi haustseminaret vart lagt til den helga det var Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå. Det vart ein spennande og kjekke kombinasjon.

Vi fekk med oss mange gode kulturinnslag med godt fagleg innhald, vi vart grundigare kjende med forfattarskapen og livet til Tor Jonsson og vi fekk med oss innlegg om målarbeid i kvardagen.

Biletet er av Ove Røsbak som held årets Tor Jonsson-føredrag. Då var det samling ved Tor Jonsson-stuggu, og i etterkant av føredraget kunne dei som ynskte det sjå heimen der han budde mesteparten av livet sitt. Tilskiparane var særs nøgd med det gode frammøte og meinte det var publikumsrekord på dette føredraget. (Foto: Hallgeir Dvergsdal)

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no