Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Senjamålhelg i Mefjordvær

 (07.09.2016)

Senjamållaget inviterer til Senjamålhelg på Mefjord Brygge i Mefjordvær fredag 9. og laurdag 10. september. Eitt år etter at Senjamållaget vart skipa, inviterer laget til Senjamålhelg. Då vert det både seminar og vise- og konsertkveld. Programmet for dagane er lagt ut her. (Foto: Mefjord Brygge)

Til Senja og Mefjordvær kjem også Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag. Ingar Arnøy skal snakke om målarbeid i Nord-Noreg. 

Senjamållaget ynskjer å gå opp grensene både til nynorsk og bokmål. I den samanheng skal laget i grove trekk lage eit teoretisk «bindingsverk», ein eigen grammatikk for senjamålet.  Dei inviterer til ein dugnad, og helga er ein del av eit toårig prosjekt som dei kallar ”Senjamålakademiet”. I eit samarbeid med Harstad og omland Mållag skal Senjamållaget lage ein ”standardisert” skrivemåte for dei som vil bruke senjamålet på ulike skriftlege arenaer.

– Det er viktig for oss å få inn alle variasjonane og mangfaldet i senjamålet. Vi har topp fagfolk på laget, så det språkfaglege er vareteke, seier Steinar Nymo, leiar i Senjamållaget, til Troms Folkeblad. 

Vise- og konsertkveld

Det kulturelle høgdepunktet på Senjamålhelga i Mefjordvær er visekveld på laurdagskvelden på restauranten til Mefjord Brygge. Då kjem artistane Tove Karoline Knutsen, Ragnar Olsen og Erling Stangnes m.fl. Dei framfører tekstar og melodiar av mellom andre Arvid Hanssen, Tove K Knutsen, Helge Stangnes, Erling Stangnes og Ragnar Olsen. 

Vil du «skjerpe» senjamålet ditt, friske det opp eller berre bli kjent med dialekten? Blant norske dialektar har senjamålet ei sentral stilling, både i lydverk og ordformer. Det blir stadig viktigare for alle brukarar å kunne stø seg til ein standard skrivemåte, også for dialekten. Senjamålhelga høver for alle språkinteresserte både i og utanfor senjamålgeografien. Det er framleis mogleg å melde seg på.

– Det er ein unik sjanse til å vere med og lage skrivemåten for dialekten din, seier Steinar Nymo til Troms Folkeblad.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no