Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– I praksis tvingar Høgre nynorskelevar til å skrive bokmål

 (07.09.2016)

Programkomiteen i Høgre held fast på framlegget om å avskaffe sidemålsordninga både i ungdomsskule og i vidaregåande skule. 

– Høgre stadfestar inntrykket av at partiet vil nynorsken til livs, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Fram til 2013 meinte Høgre at elevane på vidaregåande skulle kunne velje om dei ville ha sidemål. I programmet for 2013-2017 skifta partiet kurs og vedtok at dei ville «avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål.» I intervju med NRK før valet 2013 presiserte Erna Solberg at sidemål ikkje skulle vere skriftleg eigen øvingsform. Nå blir det same programpunktet ført vidare i framlegget for perioden 2017-2021. For nynorskelevar vil det i så fall bety at dei ikkje vil kunne gå ut av skulen med ein eigen karakter som også viser at dei kan bokmål. Dette vil legge eit rått press på nynorskungdom i eit land med eit bokmålsdominert arbeidsliv, seier Magne Aasbrenn.

– Framlegget verkar mest som korttenkt og skuffande populisme, seier Magne Aasbrenn. 

– Om Høgres framlegg skulle gå igjennom, må elevar i Sogn og Fjordane gå over til bokmål om dei skal ha håp om tilsetting på mange arbeidsplassar på Austlandet. Eit vidaregåande-vitnemål som berre viser skriftlege nynorskkunnskapar, vil sende dei bakover i køen. Samtidig vil ikkje dei som har bokmål hovudmål lære skriftleg nynorsk i det heile. Å fjerne sidemålsordninga er dermed med eit pennestrøk å rive vekk nynorskkunnskapane frå majoriteten av folket, seier Magne Aasbrenn. Korleis ein vil kompensere for dette, ser det ikkje ut til at Høgre har eit svar på.

– Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Der har dei same grunngjeving som her: ein skal ta vare på rettane til mindretalsspråkbrukarane. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Å svekke sidemålsordninga er å svekke nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.

– I Noreg har vi to jamstelte norske språk som ein kan velje fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge. Nynorsk og bokmål er to ulike språk, med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag, seier Magne Aasbrenn.

– Får Høgre det som partiet vil, vil det vere ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, og heilt utan at Høgre ser ut til å ha tenkt på korleis ein vil kompensere for eit så stort tap av nynorskkunne i ålmenta. Korleis ser dei for seg at kommunar og stat skal kunne skaffe viktig nynorskkompetanse og ikkje minst lærarkompetanse, og korleis skal arbeidsgivarar kunne finne ut om søkjarar meistrar nynorsk godt nok, spør Magne Aasbrenn.

– Vi vonar Høgre har misforstått korleis sidemålsordninga fungerer. Vi håpar dei vil rette opp dette fram mot landsmøtet.

***

Programkomiteen i Høgre har desse formuleringane:

"Bruke tekster på både nynorsk og bokmål gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskolen og i videregående opplæring."

***

Norsk kulturarv og språk

Høyre vil sikre norsk kulturarv og kunnskap om norske håndverkstradisjoner. Kunnskap om egen kultur gir trygghet og gode forutsetninger for å møte dagens mangfold av impulser utenfra på en sjenerøs og konstruktiv måte. Kulturarv handler om vern og om bevissthet. Høyre mener kulturarven ivaretas best gjennom bruk og forvaltning. Kunnskap skjøttes også best gjennom bruk, spesielt håndbåren kunnskap om folkekulturen og håndverkstradisjonene. Høyre mener håndverkets status må økes. Vår evne til samfunnsdeltagelse er særlig knyttet til språket. God språkrøkt er derfor ikke bare en kulturpolitisk målsetting, men også en forutsetning for vår deltagelse i demokratiet.

Høyre vil:

· Sikre at vi fortsatt har to levende norske skriftspråk.

· Styrke det nordiske språksamarbeidet.

· Sikre produksjon av norsk skjønn- og faglitteratur gjennom innkjøpsordningen.

· Vurdere om språknormeringen for bokmål og nynorsk skal flyttes ut av Språkrådet.

***

Samene og nasjonale minoriteter

Høyre mener urbefolkningenes og de nasjonale minoritetenes språk og kulturarv er en berikelse for Norge.

Norge er forpliktet til å verne om mangfoldet som skapes av våre nasjonale minoriteter. Høyre vil ta vare på språk og kultur for befolkningen av tater- og romanifolket, rom, jøder, kvener og skogfinner, i likhet med de samiske språk. Høyre mener det språklige mangfoldet gjør norsk kultur rikere og vil arbeide for økt respekt for samiske språk og kultur.

Høyre vil:

- Bevare og videreutvikle samisk språk og kultur som en viktig del av norsk kulturarv.

- Sikre et fullverdig samisk utdanningstilbud fra barnehage til høyskolenivå.

- At Sametinget skal ha en tydelig rolle i arbeidet for samisk språk, kultur og historie.

- Styrke satsingen på helsetjenester til den samiske befolkningen.

- Bekjempe rasisme og hatytringer rettet mot samer og andre nasjonale minoriteter.

- Sikre konsultasjonsplikten med Sametinget.

- Ivareta at private skoler kan tilby samisk undervisning på grunnskole- og videregående nivå.

- Arbeide for å gi elever mulighet til å velge et samisk språk som valgfag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no