Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gi norsklærarane tid til å gjere jobben

 (13.09.2016)

Alle som arbeider i skolen, har sett problemet lenge, men ingen har verkeleg prøvd å gjere noko med det. Arbeidsbøra for norsklærarar er for stor, med førebuing, undervisning og ikkje minst tilbakemelding på tekstar og retting.

Ein lærar med full stilling i norsk må rekne med å arbeide i dei fleste kveldar og helger for å komme gjennom «bunkane». Skolane slit med utbrende norsklærarar som er kvalifiserte, men ikkje lenger vil undervise i faget. Både hovudmål- og sidemålopplæringa blir ofte lidande i dette. Ved lønns- og arbeidstids-forhandlingane neste år må kommunane redusere årsramma for norsklærarar.

Full stilling i norsk på vidaregåande skole i vg1 og vg2 vil seie at ein norsklærar har over 100 elevar fordelt på 4 klassar som skal ha undervegsvurderingskarakter til jul og sommar i hovudmål, sidemål og norsk munnleg. To stilar per elev og per karakter inneber 400 stilar å vurdere per termin. I tillegg kjem mindre skriftlege arbeid og vurdering av munnlege prestasjonar – det er nok vanleg at talet på «bunkar» i halvåret blir så høgt som 15.

Etter Stortingsmelding 28 «Fag – Fordypning – Forståelse» er norskfaget framleis både eit språkfag og eit fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Det gjer norsk til eit svært viktig fag for å halde på norsk kulturelle identitet og språk i ei tid med sterke globale påverknader. I mindre grad enn i andre fag kan norsklæraren «snu bunken» og bruke tidlegare opplegg i undervisninga – ein må følgje med i tida og vere aktuell samtidig som ein ikkje gløymer historie og kulturell danning. Garborg kan ikkje berre vere ein fyr på Google. Det gjer at norsklærarar også treng meir tid til førebuing av timen, ikkje minst fordi ein også har som mål å gjere elevane oppglødde for tema som ikkje er «inne i tida».

Realiteten er at norsklærarar i vidaregåande og ofte i ungdomsskolen må sørgje for å gjere unna litt arbeid med tilbakemeldingar heime kvar kveld og enda litt meir retting i helgene. Det blir jobba mykje meir enn dei 43 timane ein reknar ein lærar skal arbeide i veka i «sesongen». På skolen ligg ikkje arbeidsforholda til rette for den konsentrasjonen som det å kommentere tekstar krev, når det ikkje er ei faktaprøve du sit med, men eit haltande resonnement frå ein 17-åring. Under eit slikt arbeidsregime kan det lett skje at sidemålet blir prioritert ned, sjølv om norsklæraren eigentleg ikkje vil det slik. Det uroar Noregs Mållag.

Årsramma for norsklærarar er nå lågare enn i andre fag, men inneber altså i snitt likevel at ein lærar må ha eit tresifra tal med elevar for at det skal utgjere full stilling i norsk. Noregs Mållag meiner at kommunane ved KS, ved neste korsveg i 2017 må innsjå at årsramma for norsklærarar skal ytterlegare ned, slik at ei full stilling inneber at norsklæraren ikkje har fleire enn rundt rekna tre klassar i studieførebuande vidaregåande skole. Da vil skoleeigarane sikre seg betre rekruttering og meir motiverte pedagogar i det viktigaste faget i norsk skole.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no