Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vestlandsregionen bør bruke nynorsk!

 (16.09.2016)

– Fylkespolitikarane som har forhandla fram intensjonsavtalen mellom dei tre vestlandsfylka, syner ei oppsiktsvekkjande låg forståing for dei språklege makttilhøva i regionen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har forhandla fram ei intensjonsavtale om ein eventuell ny vestlandsregion. I avtala er det ikkje slege fast kva som skal vera språket i den nye regionen, og nynorsk er berre nemnd ein gong i teksten med denne setninga: «Nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar».

– Utan språklege retningsliner vinn det største språket. Det er røynslene frå både kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Mållaget kan difor ikkje godta noko anna enn at den nye Vestlandsregionen vert administrert på nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Han peikar på at dei tre Vestlandsfylka har alle ein lang nynorsk tradisjon, og 67 av kommunane i den eventuelle storregionen vil vera nynorskkommunar, medan berre 3 vil vera bokmålskommunar og 15 har vedtak om at dei er språkleg nøytrale.

Nasjonalt representerer nynorsken eit språkleg mindretal. Dei som skriv bokmål, ser språket sitt rundt seg heile tida, medan dei som skriv nynorsk, ofte må leite for å i det heile finne språket sitt i media, i bøker og på internett.

– Fylkeskommunen og ein eventuell ny region er ein massiv nynorsk skriftspråkprodusent. Det gjer dei til viktige skriftspråksprodusentar. Den store produksjonen av nynorsk tekst inn i havet av bokmålstekst er eit viktig bidrag for å gjera nynorsken synleg. Språkbruk avlar språkbruk, og dess meir nynorsken vert brukt i ålmenta, dess enklare vert det for nynorskbrukarar å halda på og bruka nynorsken, seier Magne Aasbrenn.

Offisiell norsk språkpolitikk legg opp til styrking av nynorsk i offentleg målbruk. Språkbruken til fylkeskommunen er meir enn berre ei praktisk ordning, han er òg eit viktig tildriv til politiske åtferdsmønster, tiltak, normer og verdiar. Ikkje berre som viktig bidrag i den totale tekstmengda, men og som ei styrking av den kulturelle og språklege identiteten til nynorskbrukarane.  

Språkval kan aldri vera nøytrale, ein må anten velja det eine eller det andre. Utan reguleringar vil fleire slike språkval i fylkeskommunen verta tekne til fordel for bokmålet. Heilt frie språkval er vanskeleg å sjå for seg der styrketilhøva mellom språka er ujamne.

– I store offentlege verksemder som fylkeskommunen er tekstsamarbeid vanleg. Utan klåre språklege retningsliner vil det verta vanskelegare for nynorskbrukarane å krevje at desse skal skrivast på nynorsk og ikkje på bokmål, språket som alle meistrar. Såleis vil ein situasjon der språkvalet er fritt opp til den einskilde byråkrat, gjere det vanskelegare å vere nynorskbrukar enn det er i dag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no