Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Alle tiders språk-stunt i Fredrikstad

Fredriksstad Blad på nynorsk!

 (20.09.2016)

Tysdag 25. til torsdag 27. oktober arrangerer Østfold Mållag og Noregs Mållag nynorsk- og dialektfestival i Plankeby’n under overskrifta «Hællæ nynorsk!». No melder Fredrikstad Blad på tysdag 25. oktober kjem den elektroniske avisa på nynorsk. 

– Vi tykkjer det er viktig å vere opne for at språk ikkje er ein statisk ting, men noko som stadig er i endring. Det vil vi vere med å markere. I tillegg likar vi å vere litt gærne, seier René Svendsen, sjefredaktør i Fredrikstad Blad til Fredrikstad Blad. 

– Nynorsken har ikkje alltid stått veldig høgt i kurs i Fredrikstad, men nå er haldningane i ferd med å snu, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

I løpet av «Hællæ nynorsk!» blir det arrangement på Frederik II vgs., på Fredrikstad kino, på Fredrikstad Bibliotek – og mest på Litteraturhuset Fredrikstad. Are Kalvø, Ragnar Hovland og Brit Bildøen kjem på scenen til ein nynorsk festaftan på opningskvelden. Lokale artistar som Alexander Hermansen og Pål Nielsen stiller også opp desse dagane.

– Det djervaste stuntet står Fredriksstad Blad for når heile avisa tysdag 25. oktober blir produsert digitalt på nynorsk i tillegg til på bokmål. Østfold Mållag bidrar med omsetjinga slik vi gjorde i 2013 med dialektutgåva av bladet, seier Magne Aasbrenn. 

Det Norske Samlaget er det leiande nynorskforlaget i Noreg. I Fredrikstad er omsetjingane av Elena Ferrante ein overraskande bestseljar, og publikum på festivalen får oppleve lokal bokhandlar Bjørg Gjærdingen Ellefsen i samtale med forlagssjef Håkon Kolmannskog om dette fenomenet. I tillegg kjem Are Kalvø på scenen med sine skråblikk om språk og andre fenomen i tida, og legenden Ragnar Hovland presenterer den siste ungdomsboka si «Om noko skulle skje». Brit Bildøen, vinnar av P2-lyttaranes romanpris, fortel også om si siste bok.

Også skole, kino og bibliotek
Elevar ved Frederik II vidaregåande skole tar del i festivalen dei tre dagane. På tysdag 25. får skolen besøk av Noregs Mållag og Norsk Målungdom som opnar Nynorskstafetten i Fredrikstad. Då skal målungdommar sette ein spiss på sidemålsopplæringa i mange klassar. På onsdag får klassar ved skolen opplæring i debatt-teknikk ved journalist Runar Bjørkvik Mæland. Dette munnar ut i offentleg ordskifte i Thygesen-salen på Litteraturhuset og norsk språk-kviss ved Magne Aasbrenn same stad på kvelden.

Torsdag 27. oktober skal skoleklassar til Fredrikstad Kino og sjå den danske filmen Skammarens dotter som er teksta på nynorsk, og så på kvelden knyt «Hællæ nynorsk!» seg opp til Lars Ove Klavestads presentasjon av «Stedsnavn i Fredrikstad» med «Stadnamn i Østfold» ved forskar Tom Schmidt.

Fredrikstad Bibliotek er også med på nynorsk-notane den aktuelle veka, med eigne utstillingar av nynorske barne-, ungdoms- og vaksen-bøker og ein presentasjon av nynorske forfattarar ved bibliotekar Aleksander Bjørndal på onsdagsarrangementet som denne gongen blir døypt «Bok og kaffi».

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no