Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny redaktør i Norsk Tidend

 (21.09.2016)

Nyleg kom ei ny utgåve av medlemsbladet Norsk Tidend i posten. Andrea Rygg Nøttveit er ny redaktør. (Foto: Runar B. Mæland)

Andrea Rygg Nøttveit skal vere redaktør i Norsk Tidend i eitt år, medan Kjartan Helleve har permisjon. Norsk Tidend er medlemsbladet til Noregs Mållag og vert sendt ut til alle medlemer i Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Andrea Rygg Nøttveit arbeider til vanleg hjå nettavisa framtida.no og har gjort det i tre år. Ho held fram med å arbeide i framtida.no ved sida av redaktørjobben. Andrea er 28 år og er i frå Fitjar i Hordaland. Tidleg i barndomen budde ho også i Sogndal og Leikanger.

– Korleis er det å vere redaktør i Norsk Tidend?

– Det er veldig spennande. Eg veit det er språkmedvitne folk som skal lese bladet, og det er litt ekstra skummelt. Eg tenkjer eg vil få kritikk, men eg vonar det er konstruktiv kritikk, seier Andrea Rygg Nøttveit.

– I framtida.no har eg skrive mykje om språk, og eg er oppteken av å ha eit vidt perspektiv på språk og språkpolitikk. Eg tykkjer det er veldig interessant å skrive om rettar til ulike minoritetsspråk og mindretalsspråk, som samisk og kvensk. Nett no er eg på seminar i Barcelona og det er interessant å høyre om språksituasjonen her, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Ho har studert journalistikk ved Høgskulen i Volda, eitt år kunsthistorie og eitt år med allmennlærarutdanning.

– Kva tid var det du oppdaga at nynorsk var viktig for deg?

– Eg kan hugse at eg vart spurt av læraren min på barneskulen om eg ynskte å skifte til bokmål. Det var nok fordi eg blanda mykje bokmål inn i nynorsken. Men då tenkte eg at eg ikkje ville skilje meg ut, eg ville halde på nynorsken. Så det gjorde eg. Etter kvart vart eg flinkare til å skrive nynorsk, og eg har også blitt veldig mykje meir medviten om språket mitt. I mediebransjen kan det vere ei ulempe å skrive nynorsk, men det kan også vere ein fordel, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Ditt fyrste nummer av Norsk Tidend er ute hjå lesarane. Kva sak tykkjer du var den kjekkaste å skrive?

– Sidan Noregs Mållag hadde haustseminar i Lom, valde eg å reise til Lom og lage ein dialektreportasje. Det tykte eg var veldig moro og interessant, smiler Andrea Rygg Nøttveit.

Nytt Norsk Tidend

Andrea planlegg eit nytt nummer av Norsk Tidend. Stoffrist til komande og siste medlemsblad før jul er måndag 24. oktober. Send gjerne tips til norsk.tidend@nm.no 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no