Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Seminar i Trøndelag:

Gjennom ord blir verda stor

 (22.09.2016)

Barnebokforfattar Kari Stai og fleire andre kjem til barnehageseminaret som Trønderlaget inviterer til fredag 4. november. Spørsmålet som vert stilt er: Bokmål, nynorsk og dialektar – ein styrke for bornas språkutvikling? 

Hausten 2010 starta Noregs Mållag kampanjen ”Gjennom ord blir verda stor”. Den er særleg retta mot barnehagane – så vel borna som foreldra og dei som arbeider i barnehagane.

– Vi ynskjer å stimulere til at borna skal oppleve meir av heile det norske språket  –  bokmål, nynorsk og dialektane – som ein ser som eit botnlaust hav å ause av, fortel Jan Sørås, leiar i Trønderlaget.

Europeisk språkpolitikk: – Kampanjen retta inn mot barnehagen er heilt i samsvar med dei store endringane som har skjedd i norsk og europeisk språkpolitikk. Der det før vart arbeidd for å einsrette og helst minske mengda av språk og språkleg variasjon, er det no eit overordna mål å halde språkmangfaldet i live og gje det best mogleg vokstervilkår, seier Jan Sørås.

Arbeidet til mållaga, mellom anna kampanjen ”Gjennom ord blir verda stor”, er tilskot til det europeiske og globale språkmangfaldet.

– Fram til denne tid har det vore heller beskjeden oppfølging av kampanjen i Trøndelag. Trønderlaget som regionleddet av Noregs Mållag i Trøndelagsfylka utanom Namdalen, vil prøve å rette opp det forsømte med ein kampanje som startar den 4. november 2016, seier Jan Sørås.  

– Kampanjen vil gå i fleire steg. Første steg er dagseminaret: Gjennom ord blir verda stor. Bokmål, nynorsk og dialektar – ein styrke for bornas språkutvikling? Arrangement er ope for alle, fortel Jan Sørås.

Inviterer barnehagetilsette og studentar: Skriftleg invitasjon blir sendt til alle barnehagane i Trøndelag sør for Namdalen og medlemmane i Trønderlaget. Studentane ved Dronning Mauds Minne Høgskole blir og inviterte.

Steg to: Eindags kurs for barnehagetilsette. Tema blir: Korleis stimulere til meir språkmangfald i barnehagane? Det blir lagt særleg vekt på tradisjonsstoff – rim, regler og barnesongar. Steg to er tenkt arrangert vinteren 2017. Blir det god oppslutning er det aktuelt med fleire kurs rundt om i Trøndelag. Steg tre: Tilby barnehagar besøk av gode språkformidlarar, til dømes barnebokforfattarar. Start for steg tre er hausten 2017.

Vel møtt til Gjennom ord blir verda stor!

Sjå programmet til seminaret: Gjennom ord blir verda stor! Bokmål, nynorsk og dialektar – ein styrke for bornas språkutvikling? (eller du kan laste ned programmet som PDF-fil nedst på sida)

Vil du ha kontakt med Jan Sørås: E-post: jansoras@broadpark.no  eller telefon 900 12 498

 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no