Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkdelt ungdomskule i Odda

 (22.09.2016)

I august møtte stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) elevar i Odda som går og har gått på språkdelt ungdomskule. På biletet står Kjersti Toppe saman med styremedlemmer i nystarta Sørfjorden Målungdom. Frå venstre Salma Yousef Ahmed, Eirun Flaten Sandvin, Kjersti Toppe og leiar Liva Thiis. 

Kjersti Toppe (Sp) vart fødd i det som den gong var Åsane herad, no ein del av Bergen. 

– Eg gjekk opphavleg i rein nynorskklasse, men med ny kommunestruktur, vart det ny skule og alle me 7. klassingane skifta  over til bokmål, fortel Kjersti Toppe. 

– Det er slik det er, når ein 12-åring ikkje er sikra retten til eigen klasse for si målform, skiftar dei gjerne og går over til bokmål. Det er derfor eg er så oppteken av akkurat retten til språkdelte klassar, for eg har opplevd den kjensla det er når alle skiftar målform, då vil ein ikkje vera den einaste som ikkje gjer det.

Kjersti Toppe arbeider for at retten til språkdeling for 7. til og med 10. klasse skal lovfestast og at det fylgjer midlar med. Saman med fleire stortingsrepresentantar frå Hordaland; Magne Rommetveit (Ap), Audun Lysbakken (SV) og Terje Breivik (V), samt Liv Signe Navarsete (Sp) frå Sogn og Fjordane og Geir Toskedal (Krf) frå Rogaland for å fremja forslaget om lovpålagt språkdeling ut ungdomsskulen.

Viktig å gå i språkdelte klassar

Toppe meinte at språkdelt norskfag ikkje kompenserer for språkdelte klassar.

– Det hadde me på mi tid og. Me vart tekne ut av klassen i norsktimane. Det var ei ekkel kjensle, seier Kjersti Toppe. Ho vart bokmålsbrukar og var det i mange år før ho vende attende til å skriva nynorsk. 

– Det vart rotete ei tid: Eg skreiv dårleg nynorsk og dårleg bokmål, fortel Kjersti Toppe. For å verta god i nynorsk må ein høyra språket  og bruka det jamt.

– Det er ei stor politisk sak at nynorsk og bokmål skal vera jamverdige og jamstilte. Det er mykje ein kan gjera politisk for å styrkja sidemål og nynorsk spesielt, og det er heilt klart altfor mange unge som skiftar skriftspråk når dei kjem på ungdomssteget, eller seinare.

Kjersti Toppe meiner at dersom ein klarer å halda på alle dei som har nynorsk i barneskulen og får dei gjennom både ungdomsskule, vidaregåande skule samt høgare utdanning som nynorskbrukarar, vil fråfallet verta mykje mindre.

– Eg meiner at når alle må gå ti år på skulen, så har samfunnet eit større ansvar, og det smertar meg å høyra at Odda no, på grunn av økonomi, har måtta redusera tilbodet om språkdeling på ungdomssteget. Men det er slikt som kan skje når det ikkje er lovpålagt, seier Kjersti Toppe. 

Brei politisk semje

– Det er eit breitt tverrpolitisk initiativ at ein må sikra at også ungdomsskuleelevane får opplæring på eige hovudmål og rett til å gå i eiga målformgruppe. Ifylgje Toppe er det slik på Stortinget at for å få til ei brei samanslutning må ein gje og ta litt. 

– Så sjølve ordlyden i forslaget er ikkje heilt absolutt. Dette forslaget vart levert til Stortinget 17. juni, rett før sommarferien, men har ikkje vorte behandla enno. Ho trur det kan koma eit vedtak i saka før jul, i november-desember. Det er ikkje forslag om lovendring, det er oppmoding til regjeringa om å oppretta sak, som dei så i sin tur leverer til Stortinget. Det er altså inga snarleg løysing i sikte. 

– Dette er ei sak som må ha tverrpolitisk forankring for at me skal få gjennomslag og for at eit positivt utfall skal overleva over tid. Men prosessen  er i alle fall i gang, seier Kjersti Toppe på møtet i regi av Odda Mållag og Odda kommune. 

Med på opplegget som gjekk over to dagar var Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant for Raudt, og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Gjennom to dagar fekk dei møte mellom andre Odda Ungdomskule, Odda vgs og Odda kommune.

Tone Mannsåker, Radio Folgefonn
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no