Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Markering i Stavanger

 (29.09.2016)

I dag held Magne Aasbrenn appell på ei nynorskmarkering i Stavanger. Den startar klokka 17 ved Sølvberget. 

På ettermiddagen torsdag 29. september inviterer Stavanger Mållag til ei markering i Arneageren ved Sølvberget, Stavanger Kulturhus. Markeringa vil vise at mange i byen og fylket ikkje har noko imot nynorsk som administrasjonsmål, korkje i Rogaland eller i ein  eventuell Vestlandsregion.

– Rogaland fylkeskommune har i dag ein såkalla språknøytral administrasjon, men i praksis blir nynorsken pressa hardt av bokmålet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Eitt døme er at av 135 nyhendeartiklar publiserte på nettsidene siste året, er berre 12 av dei på nynorsk, resten er på bokmål. Dermed får bokmålet ei tung overvekt i fylket med over 14 000 nynorskelevar.

– Nynorsken har lange tradisjonar og er godt rotfest i Arne Garborgs heimfylke, og målføra i Rogaland har svært mykje felles med nynorsken, seier Magne Aasbrenn. Han kjem til Stavanger og held appell ved markeringa. Det same gjer Ingrid Fiskaa, lektor ved Sandnes vidaregåande skule og styremedlem i Noregs Mållag.

– Det er viktig at dei som støttar denne saka, møter opp, både dei som skriv nynorsk sjølve og bokmålsskrivarar som ikkje har noko mot nynorsk i ein eventuell ny region, seier Magne Aasbrenn.

 

For meir informasjon:

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, 979 70 065, magne.aasbrenn@nm.no

Marit Ness, leiar i Stavanger Mållag, stavanger.maallag@gmail.com

Markeringa er torsdag 29. september klokka 17, Arneageren ved Sølvberget, Stavanger Kulturhus.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no