Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Markering for nynorsk på Vestlandet

 (30.09.2016)

– Viss me skal ha eit storfylke på vestlandet for å motverka Oslo-dominansen: Kva er då vitsen med å kopiera Oslo-makta, spør Ingrid Fiskaa, styremedlem i Noregs Mållag. Ho var ein av dei som hadde appell på markeringa i Stavanger. (Alle foto: Else Berit Hattaland) 

Det både regna og bles på Vestlandet i går. Men det var klar melding frå dei frammøtte i Stavanger: Vestlandet er viktig for nynorsken, og nynorsken er viktig for Vestlandet.

Rogaland fylkeskommune har i dag ein såkalla språknøytral administrasjon, men i praksis blir nynorsken pressa hardt av bokmålet. Eitt døme er at av 135 nyhendeartiklar publiserte på nettsidene siste året, er berre 12 av dei på nynorsk, resten er på bokmål. Dermed får bokmålet ei tung overvekt i fylket med over 14 000 nynorskelevar.

– Nynorsken har lange tradisjonar og er godt rotfest i Arne Garborgs heimfylke, og målføra i Rogaland har svært mykje felles med nynorsken, seier Magne Aasbrenn. Markeringa synte at mange i byen og fylket ikkje har noko imot nynorsk som administrasjonsmål, korkje i Rogaland eller i ein  eventuell Vestlandsregion.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, heldt appell og sa mellom anna: 

– Den 15. september siterte NRK fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal på at «for oss i Rogaland er det unaturlig at nynorsk skal være hovedspråket». Kva skal eg tenke da som leiar av Noregs Mållag og østfolding som har skrive nynorsk i over 25 år – er det nå i alle fall bevist at eg som er frå «Lange flate ballær»-land går rundt som genemanipulert?

Neida, eg tar det med stor ro, for på reisene mine til lokale mållag land og strand rundt høyrer eg stadig skiftande tungemål, men på same måte som med Østfold-dialekta merkar eg at det språklege grunnsystemet i talemålet i Odda, Vegårshei, Lom, Gol, Senja og så vidare er felles. Når ein har reist slik ei stund, blir det brått nynorsken som kjennest mest naturleg mellom bakkar og berg, og ikkje fornorska dansk.

– Det same gjeld i høgste grad i Rogaland. For kva er det eg høyrer når eg spelar Vamp, Stavangerensemblet, Kaizers, Bjørn Eidsvåg, Tønes eller Svein Tang Wa? Eg høyrer ikkje bokmål, da, vel? Nei! Eg høyrer så mykje nynorsk at eg faktisk har brukt tekstane frå mange av desse folka som tekstvedlegg til sidemålsstil for  klassane mine gjennom åra i mitt tidlegare liv som lektor i vidaregåande i Fredrikstad.

Magne Aasbrenn siterte også leiarartikkelen i RA: «Det er synd på Stavanger viss Bergen vert den vestlandske hovudstaden, medan me framstår som pripne Frogner-fruer når målfolk i dei to andre fylka står på krava om å halda på nynorsken som offisielt skriftspråk.»

Etter markeringa var det haustsamling i Rogaland Mållag. Det var godt frammøte med mange frammøtte frå sju lokale mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no