Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kafka minutt for minutt

 (05.10.2016)

I morgon, torsdag 6. oktober, blir det verdspremiere på opplesing av Kafka på nynorsk, minutt for minutt. Frå klokka 12 les Jon Fosse live frå æresbustaden Grotten i Slottsparken i Oslo. Heile landet kan sjå og høyre opplesinga hjå Framtida! (Foto: Skald forlag)

Den verdskjende dramatikaren Jon Fosse har omsett Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka til nynorsk for fyrste gong. Boka er den fyrste i ein serie med verdsklassikarar på nynorsk som Skald forlag skal gje ut. 

Jon Fosse byrjar opplesinga av "Forvandlinga og andre forteljingar" av Franz Kafka klokka 12. Deretter overtek elevar på Stord opplesinga og til slutt vert det avslutta ut på ettermiddagen og kvelden i Jostedalen. Heile landet kan sjå og høyre opplesinga hjå Framtida

Jon Fosse meiner det er sjølvsagt at både unge og vaksne over heile landet får lesa den beste verdslitteraturen. Det seier han i eit intervju med framtida.no

– Verdslitteraturen tilhøyrer landsens folk i Noreg like mykje som den tilhøyrer alle andre i verda. Dei fyrste målreisarane gjorde mykje for å få dei gamle store klassiske verka, som Bibelen, Homer, greske tragediar og Shakespeare, ja til og med Dante, omsett til nynorsk. Men så stogga det opp før ein kom til den moderne litteraturen, seier Fosse.

Med Kafka-omsetjinga skriv han seg inn i tradisjonen etter mellom andre Arne Garborg, som omsette Odysseen av Homer til landsmål under tittelen Odyssevskvædet for snart 100 år sidan. Fosse meiner det er både merkeleg og skadeleg at omsetjingsarbeidet seinare har stoppa opp.

– Nynorsken har godt av å få alle dei impulsar dei utanlandske klassikarane kan gje språket. Og det same har sjølvsagt alle lesarar, som til no har mått lesa all den klassiske moderne litteraturen på bokmål.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no